Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Slik låner du til ny bustad

Når du har fått tilslag på bustaden, og overtakinga ligg minst tre veker fram i tid, kan du søkje oss om lån til kjøp av bustaden.

Dersom du søkjer om lån hos oss meir enn tre veker før du skal ta over bustaden, og berre skal ha lån hos oss, treng du ikkje søkje om lån i ein annan bank først.

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer og returner lånepapira vi sender deg i posten når du får tilbod om lån.

Vi vurderer søknaden når han kjem inn, og behandlar han så raskt som mogleg. Du får svar per post.

Overtaking mindre enn tre veker fram i tid

Dersom overtakinga er mindre enn tre veker fram i tid, eller du av andre grunnar må ta opp lån i banken for å kjøpe bustaden, kan du søkje om refinansiering hos oss etterpå. Dersom du gjer det, tek prosessen lengre tid fordi meklaren må

  • slette pantedokumenta til den tidlegare eigaren
  • slette sin egen urådigheit
  • overføre eigarskapen til bustaden til deg

Denne prosessen kan ta opptil 6 månader, og vi kan ikkje overta lånet ditt før det er gjort.

Finansieringsbevis

Vi tilbyr ikkje finansieringsbevis. Du må derfor ta kontakt med banken din for å få det. Sjølv om du ber om finansieringsbevis i banken, behøver du ikkje ta opp lån der. Eit finansieringsbevis er ikkje det same som ei lånetilsegn.

Dersom overtakinga er mindre enn tre veker fram i tid, kan du framleis søkje om lån til kjøp av bustad hos oss og treng ikkje ta opp lån i banken din først.

Mellomfinansiering

Vi tilbyr ikkje mellomfinansiering. Mellomfinansiering er finansiering av den nye bustaden din før du har fått oppgjeret for din gamle.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011