Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Ord og uttrykk om lån

Annuitetslån

Lånet blir nedbetalt med like store terminbeløp heilt til det er innfridd, fordi avdraget er justert etter rentekostnaden. Avdragsdelen er liten og rentedelen stor i starten av nedbetalingstida. Etter kvart som nedbetalingstida går, blir avdraga høgare og rentedelen mindre. Terminkostnaden vil likevel variere ved renteendringar.

Avdragsfridom

Du har avdragsfridom på lånet når du i ein periode berre betaler renter og gebyr på lånet ditt. Vi kan tilby avdragsfridom i inntil fem år.

Avtalegiro

Med avtalegiro gjer du ein avtale med banken din om direkte trekk av fakturaen i nettbanken din.

Depotgebyr

Dette er eit beløp som banken tek for å ordne med at det blir stilt tryggleik for lånet. Ein kan også sjå på dette som vanlege behandlingsomkostningar.

Effektiv rente

Den renta du faktisk betaler på årsbasis. I denne rentesatsen er alle gebyra tekne med. Kostnadene omfattar for eksempel terminkostnader, etablerings- og depotkostnader.

e-Faktura

Med eFaktura gjer du ein avtale om å få rekninga direkte i nettbanken din.

Eigedomsregisteret

Eigedomsregisteret er det nasjonale registeret over alle faste eigedommar her i landet.

Eiendomsnemningar

Gnr = gardsnummer, Bnr = bruksnummer, Fnr = festenummer, Snr = seksjonsnummer.

Etableringsgebyr

Etableringsgebyret er ei eingongsavgift som låntakaren betaler til finansinstitusjonen når lånekontrakten blir inngått.

Fastrente

Dersom du har fastrente, har du gjort ein avtale med banken om ei fast rente for ein bestemt periode. Perioden blir kalla bindingstid. Vi tilbyr ikkje fastrente.

Flytende rente

Med flytende rente endrar renta seg i takt med rentemarknaden.

Gjeldsbrev

Eit gjeldsbrev er ei skriftleg erkjenning av gjeld.

Heimelshavar

Ein heimelshavar er den som i offentleg register er registrert som eigar/medeigar av bustaden.

Marknadsverdi

Marknadsverdi er den verdien på bustaden din som er ført opp i takst eller verdivurdering. Ved kjøp av bustad blir tryggleiken berekna ut frå den lågaste verdien av kjøpesummen eller marknadsverdien ført opp i taksten.

Medeigar

Ein medeigar er den som i offentleg register er registrert som eigar/medeigar av bustaden.

Meklar

Ein meklar er ein som formidlar sal av bustader og gjennomfører kontraktavsluttingar.

Mellomfinansiering

I samband med kjøp av ny bustad tyder mellomfinansiering det beløpet du må låne til du har fått oppgjer for den noverande bustaden din. Vi tilbyr ikkje mellomfinansiering.

Nedbetalingstid

Nedbetalingstida på lånet er den avtalte tida frå du etablerer lånet til lånet er fullt nedbetalt / siste avdraget forfell.

Nedkvittering av pant

Nedkvittering av pant betyr å nedskrive pantet til ein lågare verdi enn før.

Opplåning

Opplåning betyr at du aukar lånet innanfor det eksisterande pantedokumentet.

Overkurs

Dette gjeld lån med fastrente. Dersom fastrenta på lånet ditt ligg over den noverande marknadsrenta, blir det berekna overkurs – som du må betale – dersom du ønskjer å nedbetale lånet utover avtalt nedbetalingsplan. Vi tilbyr ikkje fastrente.

Panteattest

Ein panteattest er ein attest som viser det som er tinglyst på ein eigedom.

Pantedokument

Eit pantedokument er eit dokument som blir tinglyst ved etablering av pant i bustaden.

Pantetryggleik

Pantetryggleik er panthavaren sin rett til å søkje dekking i den pantsette bustaden.

Realkausjonist

Ein realkausjonist er ein heimelshavar/medheimelshavar i bustaden, som ikkje er låntakar.

Seksjonering

Seksjonering er å dele hus i eigarseksjonar, særleg å gjere einingane i fleirfamiliehus til sjølveigareiningar ved å gi dei eige gards- og bruksnummer.

Serielån

Avdraga i eit serielån er faste. Terminbeløpa er høgast i starten av nedbetalingstida, fordi rentedelen av lånet er variabel. Rentedelen utgjer ein stor del av terminbeløpet, og innbetalingane har derfor høge beløp i starten av nedbetalingstida.

Takst

Takst er dokumentasjon av verdien til bustaden. Taksten blir laga av ein takstmann, og er meir detaljert enn ei verdivurdering.

Terminbeløp

Det du betaler av avdrag og renter i ein avtalt periode/termin.

Tinglysning

Når ein tinglyser ein sjølveigar eller partsbustad, blir det registrert/kunngjort pant i fast eigedom/burettslagsbustad.

Tinglysingsgebyr

Når du skal ta pant i ein eigedom, må du betale gebyr for etablering av pantet.

Underkurs

Dette gjelder lån med fastrente. Dersom fastrenta på lånet ditt ligg under den noverande marknadsrenta, blir det berekna underkurs – din gevinst – dersom du ønskjer å nedbetale lånet utover avtalt nedbetalingsplan. Vi tilbyr ikkje fastrente.

Verdivurdering

Ei verdivurdering er ein dokumentasjon av verdien til bustaden som blir laga av ein eigedomsmeklar.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011