Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Jernbanens Pensjonskassefond

Er du tilsett i eit selskap som ligg under anten NSB eller Jernbaneverket og samtidig er medlem hos oss, kan du låne inntil 500 000 kroner til bustad i Jernbanens Pensjonskassefond.

Dette omfattar desse selskapa: NSB AS, Mantena AS, Mi Trans AS, Cargo Net AS, Terminaldrift AS, Arrive AS, ROM Eiendom AS, NSB Trafikkservice AS, NSB Gjøvikbanen AS og Jernbaneverket.

Viktig! Det er per i dag dessverre ikkje mogeleg å låne pengar i Jernbanens Pensjonskassefond. Årsaka er at utlånsfondet er tomt, det er ikkje midlar til ytterlegare utlån. Nettsidane vert oppdatert når det igjen er utlånsmidlar tilgjengeleg i fondet.

Kven kan få bustadlån?

  • Yrkesaktive medlemmer
  • Alders- og uførepensjonistar som får pensjon frå Statens pensjonskasse
  • Attlevandepensjonistar som får pensjon frå Statens pensjonskasse

Vi føreset at lånetakaren bur i og er eigar eller medeigar av bustaden. Ved beordring kan buplikt vike.

Formålet med og storleiken på lånet

Det blir gitt lån på inntil 500 000 kroner til:

  • Kjøp av bustad
  • Refinansiering av bustadlån som er pantesikra i den bustaden du søkjer å låne på
  • Skifteoppgjer i samband med skilsmisse
  • Utviding og ombygging av bustad

Det blir ikkje gitt lån med pant i aksje/-burettslagsleilegheit

Krav til tryggleik

1. prioritets pant med tryggleik innanfor 80 prosent av godkjend marknadsverdi.

Takst

Vi godtek takst som berekningsgrunnlag. Taksten bør ikkje vere eldre enn 2 år.

Verdivurdering frå eigedomsmeklar

Vi godtek verdivurdering frå eigedomsmeklar som berekningsgrunnlag. Verdivurderinga bør ikkje vere eldre enn 2 år frå søknadstidspunktet.

Ved kjøp av bustad vil kjøpesummen bli brukt som berekningsgrunnlag dersom denne er lågare enn taksten/marknadsverdien på bustaden.

Statens pensjonskasse krev rett til å godkjenne verdidokumentasjon som er lagd fram. Burett må vike til fordel for lån i pensjonskassefondet. Odelsrett eller andre klausular som heftar i eigedommen og avgrensar eller reduserer høvet til å selje pantetryggleiken, blir vurdert individuelt.

Prisar

Nedbetalingstid

Det er maksimalt 30 års nedbetalingstid, av desse inntil 5 år med avdragsfridom.

Andre vilkår

Låntakar pliktar å melde frå ved fråflytting eller sal av bustaden. Lånet forfell til full innfriing dersom låntakar flytter frå eller sel bustaden.

Dersom låntakar sluttar i stillinga som gir rett til medlemskap, men framleis bur i den bustaden det er lånt på, kan han behalde lånet til endra vilkår. Renta aukar med 2 prosentpoeng, og eventuell avdragsfridom fell bort.

Ektefellar/sambuarar/partnarar som er medlemmer, kan få lån med pant i den same bustaden. Det må sendast eit søknadsskjema for kvar låntakar.

Søke om lån

Nytt det elektroniske søknadsskjemaet vårt for å søkje om lån.

Hugs at du kan nytte deg av lån i Statens pensjonskasse i tillegg. Ved bruk av elektronisk søknadsskjema må du da sende to søknader. Merk søknaden med Jernbanens Pensjonskassefond i andre opplysningar.

Statens pensjonskasse vil som ein del av søknadsbehandlinga vurdere økonomien og kredittverdigheita til lånesøkjaren.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011