Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Kva er pensjon?

Tykkjer du pensjon er komplisert? Du er ikkje aleine. Annankvar nordmann veit ikkje kva dei får i pensjon. Her får du ei kort innføring i kva pensjon er.

Pensjon er dei pengane du skal leve av når du vert pensjonist - ei form for løn. Du kan sjølv påverke korleis pensjonen din vert, og du bør tenke på pensjonen din i alle fall frå du er 35-40 år.

Slik er pensjonen bygd opp

Det finst mange ulike typar pensjonar, men enkelt forklart er pensjon bygd opp av tre nivå.

Grunnpilarane i det norske pensjonssystemet: folketrygd, tenestepensjon og eiga sparing.

Folketrygda er grunnmuren

Alderspensjonen du får frå folketrygda ligg i botnen. Alle som har budd i Noreg i minst tre år etter at dei har fylt 16 år, har rett til alderspensjon. Kor mykje du kjem til å få betalt ut frå folketrygda, heng først og fremst saman med kor mykje du har jobba.

Tenestepensjon er neste nivå

Tenestepensjon er pengar som arbeidsgjevaren din set av for at du skal nyte godt av dei når du vert pensjonist, altså ei utsett løn. Er du tilsett i ei offentleg verksemd, er du automatisk medlem av ei offentleg tenestepensjonsordning. Det er ein del av tilsetjingsvilkåra dine. Viss du har vore medlem i ei slik pensjonsordning i tre år og jobba meir enn 14 timer i veka, har du krav på offentleg tenestepensjon.

Viss du er tilsett i ei privat verksemd, har du rett til såkalla obligatorisk tenestepensjon, OTP, som vart innført i 2006. Du kan få meir informasjon frå arbeidsgjevaren din.

Frivillige spare- eller pensjonsordningar

Viss du ønskjer det, kan du inngå eigne spareavtalar slik at pensjonen vert høgare. Du kan til dømes spare i fond eller teikne individuelle pensjonsavtalar hos bank eller forsikringsselskap.

Kva vert din totale pensjon?

Den totale pensjonen er avhengig av kor mykje du har opparbeidd deg i dei ulike nivåa. Viss du ønskjer å få rekna ut pensjonen din, kan du ta kontakt med NAV og dei tenestepensjonsordningane du har vore medlem av. For å sjå oppteninga di hos oss, kan du logge inn på Min Side.

Heile pensjonssystemet er revidert

Frå 2011 har vi nye pensjonsreglar i Noreg. Framleis er pensjon bygd opp av tre nivå, som illustrert her. Skilnaden ligg på to av nivåa, sidan alderspensjonen frå folketrygda og tenestepensjonen vert rekna ut etter nye reglar. 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 19.01.2013