Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

AFP og uførepensjon

Du kan ta ut AFP sjølv om du allereie har delvis uførepensjon frå Statens pensjonskasse. Som oftast må du ta ut AFP for resten av stillinga du jobber i.

Du kan søkje om AFP for den delen av stillinga du ikkje er ufør i. Reglane er slik at viss du skal fortsetje å jobbe når du tek ut AFP, må du jobba i minst 60 prosent av full stilling. Derfor må du vanlegvis ta ut AFP for heile resten av stillinga di når du skal kombinere uførepensjon og AFP.

Uførepensjon og AFP frå 62 til 65 år

Dersom du har delvis uførepensjon frå folketrygda og tek ut AFP mellom 62 og 65 år, må du seie frå deg uførepensjonen frå folketrygda mellombels, mot å få ein samla AFP i staden. Årsaka er at du ikkje kan motta uførepensjon frå folketrygda og folketrygdutrekna AFP på same tid.

Uførepensjon og AFP frå 65 til 67 år

Mellom fylte 65 og 67 år vil det normalt løne seg å ta imot ein kombinert uførepensjon og AFP rekna ut etter våre reglar, samordna med delvis uførepensjon frå folketrygda. Dette skuldast at du, dersom du seier frå deg uførepensjonen i folketrygda etter fylte 65 år, samtidig vil miste retten til uførepensjon frå Statens pensjonskasse.

Dersom vi finn at det vil vere mest gunstig for deg, vil vi i så fall sørgje for at du får tilbake uførepensjonen frå folketrygda frå fylte 65 år. Du treng ikke gjere noko. Vi tek kontakt med deg viss det er behov for det.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 14.09.2012