Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

AFP og inntekt

Sist oppdatert: 14.09.2012

I søknaden om AFP er det viktig at du gjev oss beskjed om kor mykje du kjem til å tene i tillegg til pensjonen.

Dersom det viser seg at den reelle arbeidsinntekta di vil avvike med meir enn 15 000 kroner per år frå den sannsynlege inntekta du har oppgjeve, må du gje oss skriftleg beskjed om det. Då reknar vi ut ein ny pensjonsgrad og justerer pensjonsutbetalinga.

Utrekning av pensjonsgrad

Beløpet på 15 000 kroner er eit toleransebeløp for eventuell ny utrekning av pensjonen, og ikkje eit fribeløp. Når den pensjonsgjevande inntekta er større enn toleransebeløpet på 15 000 kroner, vert pensjonen redusert i forhold til ei utrekna pensjonsgrad.

Med eit toleransebeløp fastset vi ny pensjonsgrad ved å ta omsyn til all inntekt (ut over det du var forutsett å tene på pensjoneringstidspunktet). 

Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:

(Forventa framtidig inntekt / tidlegare inntekt*) x 100 = X

Vi stryk desimalane og rekner med heile prosent. Pensjonsgraden er lik 100 - X.

Redusert AFP vert fastsett ved at full AFP vert multiplisert med pensjonsgraden.

* Tidlegare inntekt vert fastsett av NAV då du tok ut AFP. Tidlegare inntekt vert rekna ut på grunnlag av dei tre beste av dei fem inntektsåra som ligg føre pensjoneringsåret.

Døme 1

Per har teke ut AFP, men forventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av NAV til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per vert rekna ut slik: (75 000/425 000) x 100 = 17,64. 100 - 17 = 83. Pensjonsgraden til Per er 83.

Kva er inntekt?

Det er berre pensjonsgjevande inntekt i folketrygda som kan føre til avkorting av AFP. Inntekt som ikkje er pensjonsgjevande i folketrygda, vil med andre ord ikkje påverke AFP. Det er skattemyndigheitene som fastset kva som er pensjonsgjevande og ikkje.

Ønskjer du meir informasjon om pensjonsgjevande inntekt i folketrygda, sjå folketrygdlova.

Etteroppgjer

Kvart år når skattelikninga ligg føre, reknar vi ut eit etteroppgjer. NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.

Viss det viser seg at din faktiske inntekt etter at du gjekk av med pensjon avviker med meir enn 15 000 kroner frå den inntekta pensjonen er rekna ut etter, fastset vi ein ny pensjonsgrad. Du får då anten etterbetalt pensjon, eller må betale tilbake dersom du har fått for mykje utbetalt.

Når vi skal rekne ut etteroppgjeret, får du eit brev der du vert beden om å dokumentere inntekta di. Under finn du ei oversikt over godkjent og ikkje godkjent dokumentasjon.

Feriepengar vert haldne utanfor etteroppgjeret dersom du kan dokumentere at dei vart tente opp før du tok ut AFP.

Dokumentasjon ved etteroppgjer

Type inntekt

Godkjent dokumentasjon

Ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon

 Feriepengar Kopi av lønsslipp frå arbeidsgjevar som viser kva som faktisk er utbetalt av feriepengar 
  • Dokumentasjon av feriepengegrunnlag
  • Løns- og trekkoppgåve
  • Likningsutskrift 
Inntekt utanfor AFP-perioden Løns- og trekkoppgåve saman med kopi av lønsslipp som viser inntekt før og etter uttak av AFP 
  • Løns- og trekkoppgåve som ikkje viser inntekt
  • Berre lønsslipp

Døme 2

Per i døme 1 forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når likninga for året ligg føre, viser det seg likevel at inntekta vart litt høgare enn forventa. Inntekta vart på 88 000 kroner. Differansen mellom forventa inntekt og faktisk inntekt er på 13 000 kroner. Beløpet er innanfor toleransebeløpet på 15 000 kroner og vil ikkje føre til endring i pensjonen.

Døme 3

Per i døme 1 forventa ei framtidig inntekt på 75 000 kroner. Når likninga for året ligg føre, viser det seg likevel at inntekta vart litt høgare enn forventa, og Per har ikkje gjeve beskjed om endra framtidig inntekt. Inntekta vart på 105 000 kroner. Differansen mellom forventa inntekt og faktisk inntekt er over toleransebeløpet på 15 000 kroner. 

Per vil få eit brev med nærare forklaring på etteroppgjeret. Dersom deler av inntekta skal haldast utenfor etteroppgjøret, må Per dokumentere dette. Viss heile inntekta skal inngå i etteroppgjeret vil ny pensjonsgrad verte: (105 000/425 000) x 100 = 24,70. 100 - 24 = 76. Per sin pensjonsgrad er 76. Pensjonen vil verte endra i forhold til ny grad, og vi vil vurdere å krevje tilbake for mykje utbetalt pensjon.   

Gåvepensjon

I samband med uttak av AFP ønskjer ein del arbeidsgjevarar å supplere med ein eigen gåvepensjon frå bedrifta. Denne gåvepensjonen skal meldast inn til skattemyndigheitene som pensjon og påverker ikkje vår utbetaling av AFP. Gåvepensjon påverker heller ikkje utbetaling av AFP frå folketrygda.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet anbefaler at det ikkje vert gjeve gåvepensjon innanfor hovudtariffområdet i statleg sektor.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje òg interessert i ...