Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Avtalefesta pensjon (AFP)

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei førtidspensjonsordning for statstilsette og lærarar mellom 62 og 67 år.

Andre verksemder med medlemskap i Statens pensjonskasse kan ha inngått tariffavtale som gjev dei tilsette rett til AFP.

 

AFP mellom 62 og 65 år

  • NAV administrerer ordninga.
  • NAV reknar ut og utbetaler
  • Viss du endrer inntekt mellom 62 og 65 år, må du sjølv gje melding til NAV. Dette gjeld òg viss du går frå delvis til heil AFP mellom 62 og 65 år.

Meir om AFP frå 62 til 65 år

AFP mellom 65 og 67 år

  • Statens pensjonskasse reknar ut og utbetaler pensjonen.
  • Du får den pensjonen som gjev høgast utbetaling av vår eller folketrygda sin AFP.

Meir om AFP frå 65 til 67 år

Når du fyller 67 år

  • Vi utbetaler vanleg alderspensjon frå månaden etter du fyller 67 år.
  • Pensjonen vert samordna med alderspensjon frå folketrygda.

Meir om overgang til alderspensjon