Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

AFP for deg mellom 62 og 65 år

Dersom du går av med AFP når du er mellom 62 og 65 år, er det NAV som står for administrasjonen av ordninga. I perioden frå 62 til 65 år er det derfor NAV som reknar ut og utbetaler pensjonen din.

Vilkår for AFP frå 62 år

For å ha rett til AFP frå fylte 62 år må du oppfylle ein del føresetnader:

  • Du må vere i arbeid heilt frem til du skal ta ut pensjon. Det speler inga rolle om du arbeider heiltid eller deltid. Har du heil permisjon, kan du ikkje få AFP.
  • Du må ha vore medlem av Pensjonsordning for apotekverksemd i minst ti år etter at du fylte 50 år. Tid i andre ordningar som er omfatta av overføringsavtalen, vert òg teken med i vurderinga.
  • I dine ti beste inntektsår etter 1967 til og med året før du tek ut pensjon, må du ha hatt ei gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt på minst to gonger grunnbeløpet i folketrygda Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 82 122 kroner per 01.05.2012. Meir om grunnbeløpet i folketrygda lukk .
  • Dei to siste åra før pensjonering må du ha hatt ei pensjonsgjevande inntekt i folketrygda som er minst like stor som grunnbeløpet i folketrygda.

Kor stor vert pensjonen?

AFP ved 62 år vil som hovudregel vere lik den alderspensjonen du ville fått frå folketrygda viss du hadde halde fram med å arbeide fram til du fylte 67 år, pluss eit AFP-tillegg på 1 700 kroner per månad. Dette tillegget får du uavhengig av om du har hatt heil eller delvis stilling.

Du må sjølv melde frå om endring i inntekt

Viss du endrar inntekt mellom 62 og 65 år, må du sjølv gje beskjed til NAV. Dette gjeld òg viss du går frå delvis til heil AFP mellom 62 og 65 år.

Når du fyller 65 år

Når du fyller 65 år, er det vi som tek over ansvaret for å administrere AFP-ordninga. Då reknar vi ut AFP etter regelverket i Pensjonsordning for apotekverksemd. Du vil som hovudregel ikkje gå ned i pensjon. Vi betaler ut den høgaste av folketrygdutrekna pensjon og pensjon etter våre reglar.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 28.02.2013