Ord og uttrykk

Oppsett pensjon / oppsatt pensjon

Viss du byter jobb til ein arbeidsgivar som ikkje har tenestepensjon i SPK, er du ikkje lenger medlem hos oss. Som tidlegare medlem kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon.

Som tidlegare medlem har du ikkje rett på offentlig avtalefestet pensjon (AFP), men du kan ha rett på alderspensjon og/eller uførepensjon fra oss.

Alderspensjon

Ulike krav gjeld for dei ulike aldersgruppene:

For deg fødd i 1962 eller tidlegare

For å ha rett til ein fremtidig pensjon frå oss som tidlegare medlem må du:

  • ha vore medlem i SPK og eventuelt andre offentlege tenestepensjonsordningar i til saman minst tre år (i Norge eller i andre EØS-land)
  • søkje alderspensjon frå folketrygda (NAV) seinast frå månaden etter at du fyller 67 år

Dersom du har vore medlem i fleire offentlege pensjonsordningar gjennom arbeidskarrieren er det ordninga du sist var medlem av i Norge som bereknar og utbetaler pensjonen. 

Meir om alderspensjon for tidlegare medlem.

For deg fødd i 1963 eller seinare

For å ha rett til ein fremtidig pensjon frå oss som tidlegare medlem må du:

  • ha minst 1 år samla oppteningstid i SPK dersom du har opptening både før eller etter 2020
  • ha vore medlem i SPK og eventuelt andre offentleg tenestepensjonsordningar i minst 3 år for å ha rett til ein framtidig pensjon dersom du kun har jobba i offentleg sektor før 2020

Du kan starta å ta ut alderspensjon frå 62 år og fram til du fyller 75 år. Du kan fritt kombinera jobb og pensjon.

Meir om alderspensjon for tidlegare medlem.

Uførepensjon

Alle krava er like for dei ulike aldersgruppene. For å ha rett til ein oppsett uførepensjon som tidlegare medlem må du

  • ha minst tre års samla oppteningstid i Statens pensjonskasse og eventuelle andre offentlege tenestepensjonsordningar 
  • få uføretrygd frå folketrygda (NAV).

Opptening frå statleg stilling i EU/EØS kan telje med i kravet om tre års samla opptening.

Du har ikkje rett til oppsett uførepensjon i Statens pensjonskasse når du mottek arbeidsavklaringspengar (AAP) frå folketrygda.

Meir om uførepensjon for tidlegare medlem.