Ord og uttrykk

Forholdstal / forholdstall

Pensjonen din skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve.

Det betyr at storleiken på pensjonen din blir påverka av kor gammal du er når du vel å ta ut pensjon, og kor gammal det blir forventa at årskullet ditt blir i gjennomsnitt. Dette prinsippet blir kalla [%levealdersjustering.%]

Forholdstal - eit eksempel

Er du fødd i 1960 er det vurdert at du får følgjande forholdstal:

62 år  1,390
63 år 1,334 
64 år 1,277
65 år 1,220
66 år 1,164
67 år 1,108

Som oversikta viser, er forholdstalet ditt avhengig av når du tek ut pensjonen din. Dess lenger du ventar med å ta ut pensjon, desto lågare blir forholdstalet – og pensjonen din blir høgare. Det er fordi pensjonen du har tent opp, skal utbetalast over færre år.

Kven gjeld forholdstal for?

  • Alle som har offentleg tenestepensjon
  • Alle som er født i åra 1943 til 1962, og som tener opp pensjon i folketrygda heilt eller delvis etter besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen.

Forholdstal i offentleg tenestepensjon - eit eksempel

Som medlem i Statens pensjonskasse får du 66 prosent av pensjonsgrunnlaget i alderspensjon, før levealdersjustering. Vilkåret er at du har full opptening, som er 30 år. Levealdersjusteringa skjer ved hjelp av eit forholdstal.

Eksempel – ein person fødd i 1960

  • Tek ut tenestepensjon som 67-åring
  • Pensjonsgrunnlag: 500 000 kroner
  • Brutto pensjon (66 prosent av pensjonsgrunnlag)* = 330 000 kroner
  • Forholdstal: 1,108
  • Alderspensjon frå Statens pensjonskasse etter levealdersjustering* = kr 330 000 / 1,108 = 297 834 kroner per år

* Før samordning med alderspensjonen frå folketrygda.

Samordna pensjon

Vi ser framleis på pensjonen til ein person som er fødd i 1960. Denne gongen ser vi alderspensjonen i Statens pensjonskasse (SPK) og folketrygda samla. Då skal pensjonane samordnast slik at det blir klart kor stor del Statens pensjonskasse skal betale.

  Tek ut folketrygd og teneste­pensjon som 67-åring
Levealders­justert brutto­pensjon fra SPK (500 000x0,66) /­ 1,108 = 297 834 kroner
- Levealders­justert samordnings­frådrag folketrygda 199 873 / 1,108 = 180 391 kroner
= Netto pensjon frå SPK 297 834 - 180 391 = 117 443 kroner
+ Levealders­justert folketrygd 219 677 /­ 1,108 = 198 264 kroner
= samla levealders­justert pensjon 117 443 + 198 264 = 315 707 kroner

I desse eksempla oppnår personen 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før levealdersjustering.

Samordningsfrådraga blir levealdersjusterte med det faktiske forholdstalet på uttakstidspunktet for tenestepensjonen. 

Samordningsfrådraget blir berekna med utgangspunkt i alderspensjonen frå folketrygda. Utrekninga blir alltid gjord som om du tar ut pensjon frå oss og folketrygda samtidig.

Merk: Årskulla frå 1954 til 1962 får alderpensjonen sin berekna etter to ulike regelverk. Alderspensjonen frå Statens pensjonskasse skal levealdersjusterast delvis med forholdstal og justeringstalJusteringstallAlderspensjonen skal levealdersjusteres slik at den enkeltes pensjon blir justert for endringer i befolkningens levealder. Da bruker vi justeringstall.Mer om Justeringstall. Det er ein glidande overgang mellom regelverka: 

  • 1960-årskullet får 30 prosent av pensjonen levealdersjustert med forholdstal og 70 prosent med justeringstal. Berekningane over gjeld berre den delen av pensjona som levealderjusterast med forholdstal, altså 30 prosent av den samla utbetalinga til medlemmet. 

Les meir om dei nye reglane for levealdersjustering og samordning her.

Fastsetjing av forholdstal

NAV utarbeider prognosar for forholdstal. Endeleg forholdstal for uttaksaldrar frå 62 år til 75 år blir fastsette innan 1. juli det året eit årskull fyller 61 år. Forholdstal er like for kvinner og menn og ulike yrkesgrupper.

1943 er vald som utgangspunkt. Dersom ein person i dette årskullet tok ut alderpensjon ved fylte 67 år, var forholdstalet 1. Eit forholdstal som er høgare enn 1, vil gi lågare årleg pensjon enn den ville ha blitt utan dei nye fleksible uttaksreglane. Eit forholdstal som er lågare enn 1, gir høgare pensjon.

Eksempla over viser at forholdstalet for 1960-kullet er berekna til 1,108 dersom pensjonen blir teken ut ved fylte 67 år. I praksis inneber det at ein person frå dette kullet må jobbe fram til 70 år og 1 månad for å kunne ta ut den same pensjonen som ein person i 1943-kullet. Se ein oversikt over fleire årskull her.