Ord og uttrykk

Alleårsregelen

Grunnprinsippet er at den totale alderspensjonen du får er bygd på all oppteninga gjennom åra som medlem i folketrygda og hos oss.

  • I folketrygda byrja alleårsregelen å gjelda frå 1. januar 2011.
  • I Statens pensjonskasse byrja alleårsregelen å gjelda frå 1. januar 2020.

Det betyr at dess lenger du jobbar, desto meir pensjon tener du. Besteårsregelen, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra med høgast løn, blir fasa ut.

Alleårsregelen gjeld kun alderspensjon, og ikkje andre pensjonsytingar. 

Gradvis innføring i folketrygda

Dei nye oppteningsreglane i folketrygda skal fasast gradvis inn, slik:

  • Fødd i 1953 eller tidlegare
    Du vil tene pensjon på same måte som før pensjonsreforma. Du får utrekna pensjon ut frå dei 20 åra der du har hatt høgast løn – den såkalla besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen.
  • Fødd i 1954 – 1962
    Du vil tene pensjon delvis etter alleårsregelen og delvis etter besteårsregelen.
  • Fødd i 1963 eller seinare
    Din alderspensjon frå folketrygda blir berre tent etter alleårsregelen. Regelen får tilbakeverkande kraft, slik at alt du har jobba kjem inn under denne regelen.

Gradvis innføring i tenestepensjona

  • Fødd i 1962 eller tidlegare
    Du får berekna pensjon ut frå dei 30 eller 40 åra der du har hatt høgast pensjonsgrunnlag – den såkalla besteårsregelenBesteårsregelenBesteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast løn. Besteårsregelen skal gradvis fasast ut, men gjeld framleis for nokre årskull.Mer om Besteårsregelen.
  • Fødd i 1963 eller seinare
    Pensjonen du opptente før 1. januar 2020 blir berekna ut frå besteårsregelen. Pensjonen du opptener frå 1. januar 2020 blir berekna  etter alleårsregelen. Har du opptening både før og etter 2020 får du difor to alderspensjonar frå oss.