Ord og uttrykk

Aldersgrense

Aldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i og er det tidspunktet du må slutte i stillinga.

Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 70 år. Du må ikkje forveksle aldergrense med pensjonsalderPensjonsalderPensjonsalder er det tidspunktet du tidlegast kan gå av med alderspensjon.Mer om Pensjonsalder, som fortel når du kan gå av med pensjon.

Du kan søkje arbeidsgjevaren din om å stå i stilling lengre enn aldersgrensa, men du har ikkje krav på å halda fram. 

Lågare aldersgrense - særaldersgrense

Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år, vi seier at dei har særaldersgrense. Særaldersgrenser finn vi som oftast i yrke der det blir stilt særlege krav til fysiske og psykiske eigenskapar. Les meir om særaldersgrenseSæraldersgrenseNokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år. Det kallar vi særaldersgrense. Mer om Særaldersgrense

Dersom du går frå ei stilling med høg aldersgrense til ei stilling med låg aldersgrense, så er hovudregelen at du må ha den låge aldersgrensa samanhengande i tre år for å ha rett til pensjon frå denne aldersgrensa.