Ord og uttrykk

Særaldersgrense

Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år. Det kallar vi særaldersgrense.

Særaldersgrenser finn vi som oftast i yrke der det blir stilt særlege krav til fysiske og psykiske eigenskapar. Dei lågare aldersgrensene kan vere 65, 63 og 60 år.

Dersom du går til ny stilling med lågare aldersgrense, må du ha minst tre år med opptening i den nye stillinga før du får rett til alderspensjon frå den nye, lågare aldersgrensa.

Ikkje lenger plikt til å gå av med pensjon

Viss du har ei stilling med særaldersgrense, har du frå 1. juli 2021 ikkje lenger plikt til å gå av med pensjon når du når aldersgrensa. Du kan halda fram med å jobba fram til den alminnelege aldersgrensa i offentleg sektor (70 år) dersom du ønskjer det. Nokre grupper, som tilsette i Forsvaret, er halde unna lovendringa. Desse må framleis gå av ved særaldersgrensa.

Retten til å gå av før den alminnelege aldersgrensa er ikkje fjerna, berre plikta. Fjerning av plikta til å gå av vil ikkje i seg sjølv ha nokon økonomisk konsekvens for deg. Reglane for berekning av særalderspensjon har ikkje vorte endra. 

Les meir om særalder her: