Ord og uttrykk

Betinga tenestepensjon / betinget tjenestepensjon

Betinga tenestepensjon er ei yting som tenes opp etter visse reglar og som kjem i tillegg til ordinær alderspensjon frå Statens pensjonskasse og folketrygda. Ordninga gjeld dei som er fødd i 1963 eller seinere.

Dei som er fødd i 1963 eller seinere og som ikkje fyller krava til AFP vil ha rett til ei alternativ yting kalt betinga tenestepensjon. For dei som er fødd i 1963 eller seinare blir AFP ein viktig del av tenestepensjonen frå Statens pensjonskasse, men sidan ikkje alle vil få AFP er betinga tenestepensjon ei yting som kjem i staden. 

Betinga tenestepensjon kjem i tillegg til ordinær alderspensjon frå Statens pensjonskasse og folketrygda og er livsvarig.

Opptening til betinga tenestepensjon begynner 1.1.2020 og gjeld medlemmer i Statens pensjonskasse fødd i 1963 og seinare. Du kan tene opp retten fram til og med månaden du fyller 62 år, og starte uttak av betinga tenestepensjon når du er mellom 62 og 70 år.

Reglane for betinga tenestepensjon er vedteke, men vil bli vurdert på ny når reglane for AFP vert endeleg avklara.