Ord og uttrykk

Overføringsavtalen

Har du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman.

Den norske overføringsavtalen er inngått mellom Statens pensjonskasse og andre leverandørar av offentlege tenestepensjonsordningar i norske kommunale pensjonskasser, livstrygdelag og lovfesta pensjonsordningar.

Overføringsavtalen betyr at dersom du tidlegare har tent pensjonsrettar i andre ordningar, blir desse overførde til den siste og utbetalande ordninga når du pensjonerer deg. Pensjonsberekninga skjer etter reglane i denne siste ordninga.

Overføringsavtalen stiller krav om eit felles pensjonsprodukt. Det betyr at ordningane som er med i avtalen, stort sett gir dei same rettane.

Pensjonane blir regulerte på same måte som i Statens pensjonskasse.

Desse pensjonsordningane er med i Overføringsavtalen

Den nordiske overføringsavtalen

Den nordiske overføringsavtalen er ein avtale mellom Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige. Avtalen gjeld samordning av pensjonsrettar mellom statlege pensjonsordningar.

Dersom du er tilsett i ei stilling med statleg pensjonsrett i eit av dei nordiske landa, skal du kunne skifte over til tilsvarande stilling i eit av dei andre landa.

Vi anbefaler at du tek kontakt med oss dersom du har vore tilsett i statleg stilling i Norden.