Ord og uttrykk

Pensjonsgrunnlag

Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå.

Pensjonsgrunnlaget er som hovudregel den løna, det vil seie fast årsløn og eventuelle pensjonsgivande tillegg, som du har når du fråtrer stillinga.

Lønsauke som skuldast automatisk opprykk på lønsstigen og vanlege lønsreguleringar, får du med deg i berekninga av pensjonsgrunnlaget dersom auken skjer før du går av med pensjon. Overtid inngår ikkje i pensjonsgrunnlaget.

Pensjonsgrunnlag = pensjonsgivande inntekt (i 100 prosent stilling) x gjennomsnittleg stillingsstorleik

Pensjonsgrunnlag ved uførepensjon

Pensjonsgrunnlaget ved uførepensjon blir berekna ut frå stillingsstorleiken uførepensjonen er innvilga av. Normalt er det den stillingsstorleiken du har på det tidspunkt du blir ufør.

Pensjonsgrunnlag = pensjonsgivande inntekt x stillingsstorleiken uførepensjonen er innvilga av 

Har du gått ned i løn?

Dersom du har gått ned til eit lågare lønsnivå i løpet av den tida du har vore medlem av Statens pensjonskasse, kan dette påverke storleiken på pensjonen din. Dette gjeld likevel ikkje ved berekning av uførepensjon.

Meir om nedgang i løn

Avgrensning av pensjonsgrunnlaget

Løn ut over 12 gonger grunnbeløpetGrunnbeløp (G)Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 118 620 kroner per 01.05.2023.Mer om Grunnbeløp (G) i folketrygda (12 G) er ikkje pensjonsgivande, og blir ikkje medrekna i grunnlaget for berekning av pensjonen fra Statens pensjonskasse.

Særskild for opptening til alderspensjon frå 01.01.2020, for medlem fødd 1963 eller seinare

Her viser «pensjonsgrunnlag» til den pensjonsgjevande inntekta du har medan du er medlem av Statens pensjonskasse. Ein del av pensjonsgrunnlaget blir sett av i ein pensjonsbeholdning. Når du tar ut alderspensjon, blir den berekna ut frå pensjonsbeholdningen. Les meir om pensjonsbeholdning her