Virksomhet

Dette gjer du ved uførepensjon

Når ein tilsett i verksemda di har vore sjukemeld i til saman ni månader, må du melde dette inn til oss med ei pensjonsmelding.

Vi må få meldinga seinast to månader før løn eller sjukepengar stansar. Hugs at du tidlegast kan sende pensjonsmelding fire månader før pensjoneringsdatoen.

Logg inn i Min virksomhet

Dette må du gjere

Som arbeidsgivar skal du ha ein samtale med den tilsette for å høyre om ho eller han kan kome tilbake i jobb. Dersom det ikkje er sannsynleg, skal du sende inn pensjonsmelding. Hugs at maksdato for sjukepengar kan forskyva seg dersom den tilsette avviklar ferie. Det er difor viktig at de avklarar kva maksdato sjukepengar faktisk vil verta, slik at du oppgjer korrekt pensjoneringsdato i pensjonsmeldinga. Samtidig må du informere den tilsette om at han eller ho må fylle ut skjemaet søknad om uførepensjon på "Min side".

Resultatet av søknaden

Som arbeidsgivar får du eit brev frå oss som seier korleis det gjekk med søknaden.

Du får vite status i saka dei fyrste to åra den tilsette er innvilga uførepensjon. Dersom tilsette er innvilga delvis uførepensjon, får du informasjon også etter dei to fyrste åra.

Friskmelding og sjukemelding

Du treng ikkje melde frå til oss med pensjonsmelding dersom den tilsette blir heilt eller delvis friskmeldt.

Dersom medarbeidaren blir sjuk igjen etter at innvilgingsperioden er over, må du sende inn pensjonsmelding og den tilsette må søkje om uførepensjon på nytt.

Du skal sende pensjonsmelding når den tilsette skal gå ned i stilling og ønskjer å søkje forhøgt uførepensjon.

Rapportering

Du skal rapportere endringar og status på stillingsforholdet til medlemen som gjeld den aktive delen av stillinga.