Dette gjer du ved etterlatne­pensjon

Dersom ein tilsett døyr, skal du sende inn pensjonsmelding til oss så snart som mogeleg.

I pensjonsmeldinga, som du finn ved å logge deg inn i "Min virksomhet", vel du "etterlatnepensjon" og oppgir datoen for dødsfallet.

Du bør også informere dei etterlatne om at Statens pensjonskasse har fått melding om dødsfallet, og at vi tek kontakt for nærmare informasjon.