Virksomhet

Dette gjer du ved AFP

Når du skal hjelpe ein medarbeidar med å søkje avtalefesta pensjon (AFP), må du sende inn ei pensjonsmelding to månader før pensjonering ved å logge på Min virksomhet.

 AFP-skjemaet består av to delar, ei pensjonsmelding med informasjon frå arbeidsgivar, og ein del som inneheld informasjon frå arbeidstakaren.

Slik er prosessen

  • Arbeidsgivar og arbeidstakar blir samde om dato for start av AFP og kor stor del av stillinga han/ho skal fortsetje å arbeide i. 
  • Arbeidsgivar fyllar ut ei pensjonsmelding i Min virksomhet og sender inn via Altinn.
  • Statens pensjonskasse vurderer vilkår og 
    • viss vilkåra er oppfylt, sendar vi vår vurdering vidare til NAV, og arbeidstakar får beskjed fra oss på epost om å sende inn "Opplysningsskjema om AFP" til NAV.
    • viss vilkåra ikkje er oppfylt, sender vi ingen ting til NAV.
  • Arbeidstakar går inn på nav.no og fyller ut "Opplysningsskjema om AFP". Skjemaet skal sendast direkte til NAV.
  • Gjeld AFP-søknaden eit medlem mellom 62 og 65 år, er det NAV som rekner ut pensjon, følgjer opp saken og utbetaler pensjonen. Men viss søknaden gjeld AFP frå 65 år er det SPK som rekner ut pensjon. Arbeidstakar kan følgje med på saka si på Min side hos oss, mens sjølve utbetalinga skjer via NAV.

Meld inn endringar i delvis AFP

Korreksjon

Viss ei endring er knytta til første uttak eller start av AFP, for eksempel endra startdato eller endra resterande stillingsprosent, så må dykk sende inn ei korrigert pensjonsmelding. 

Eksempel:

  • Motteke pensjonsmelding seier start av heil AFP frå 01.05.2021
  • Medlemen ombestemmer seg og ynskjer å starte heil AFP frå 01.06.2021
  • Korreksjonsmelding sendast inn med ei endring av startdato frå 01.05.2021 til 01.06.2021

Endring

Viss ein arbeidstakar som allereie mottek delvis AFP skal redusere stillinga si ytterlegare og ta ut meir AFP, så må arbeidsgivar sende inn ei pensjonsmelding med endringa.

Du må registrere ei endring i AFP-graden som endring - ikkje korreksjon.

Storleiken på ein delvis AFP blir rekna ut frå forholdet mellom den tidlegare inntekta og den antatte framtidige inntekta, og derfor kan endringar i storleiken på stillinga og inntekt påverke storleiken på pensjonen. 

Eksempel:

  • Medlemen har delvis AFP på 40 % og jobbar i 60 % stilling
  • Medlemet ynskjer å jobbe i 50 % stilling.
  • Arbeidsgjevar må da sende inn ei pensjonsmelding om endring frå 60 % til 50 % stilling.

Andre endringar i inntekt eller auke i stillingsprosent, skal meldast inn til SPK på lønnsfil eller i webrapportering.

Logg inn i Min virksomhet

Hugs at det er klare reglar for kor mykje den tilsette kan jobbe den første månaden

Det er nokre reglar som gjeld for kor mykje dei tilsette som har fått innvilga AFP, kan jobbe den første månaden

  • Om dei ynskjer å ta ut heil pensjon og slutte heilt, kan dei ikke jobbe i det heile teke.
  • Om dei ynskjer å ta ut delvis pensjon og halde fram med å jobbe delvis, må dei
    • redusere storleiken på stillinga si med minst 10 prosent og
    • jobbe i minst 60 prosent stilling.

Om dei reduserer stillinga si med mindre enn 10 prosent, eller dei held fram i jobb i mindre enn 60 prosent av full stilling, har dei ikkje rett på AFP. Når éin månad er gått, kan dei endre storleiken på stillinga si som dei ynskjer.

Den tilsette sitt ansvar

Start av AFP ikke kan ikkje ferdigbehandlast utan at NAV mottek  "Opplysningsskjema om AFP" frå arbeidstakar.

Ein arbeidstakar med AFP må fram til fylte 65 år sjølv melde frå til nav.no om inntekta endrar seg etter uttak av AFP. Etter fylte 65 år skal den tilsette melde lønnsendringane til Statens pensjonskasse. Det er fint om du som arbeidsgivar minner den tilsette om dette. 

Merk: Hugs at det ikkje er mogeleg å ha alderspensjon frå NAV og AFP samtidig. Om arbeidstakaren har teke ut alderspensjon frå folketrygda, må han kontakte NAV for å stoppe alderspensjonen seinast dagen før han tek ut AFP.