Kva består ordninga i SPK av?

Medlemskapet ditt handlar om meir enn "berre" kva du skal leve av når du blir pensjonist. Det handler også om kva du skal leve av om du blir skadet eller sjuk. Om tryggleik for familien din.

Alderspensjon

Alderspensjon frå Statens pensjonskasse kjem i tillegg til alderspensjonen frå folketrygda, og kan for dei fleste takast ut frå månaden etter fylde 67 år. For å få pensjon frå 67 år, er det eit vilkår at ein samstundes søkjer om alderspensjon frå folketrygda. Du søkjer om folketrygd på nav.no under «Din pensjon».

Avtalefesta pensjon

AFP er ein førtidspensjon for statstilsette og lærarar som ønskjer å trappe ned eller gå av med pensjon før dei når aldersgrensa for stillingen sin. AFP kan takast ut i perioden 62 - 67 år.

NAV administrerer AFP-ordninga i statleg sektor for dei mellom 62 og 65 år. I denne perioden er det derfor NAV som reknar ut og utbetalar pensjonen.  Når den tilsette fyller 65 år, er det SPK som tek over ansvaret for å administrere AFP-ordninga. Då reknar vi ut AFP etter regelverket i Statens pensjonskasse.

Les meir om AFP

Uførepensjon

Uførepensjon frå SPK kan gis til medlemar som har fått redusert inntektsevna på grunn av sjukdom eller skade. Vi kan innvilge midlertidig uførepensjon eller uførepensjon. Pensjonen utbetales vanligvis når medlemen har vært sjukemeld i eitt år.

Dersom medlemen søkjer om uførepensjon med ein uføregrad på 50 % eller meir frå SPK, er det òg eit krav at vedkommende søkjer om AAP (arbeidsavklaringspenger) eller uføretrygd frå folketrygda.

Les meir om uførepensjon

Ektefellepensjon

Attlevande ektefelle eller registrert partner kan ha rett på ektefellepensjon frå Statens pensjonskasse når den som er medlem hos oss døyr. Pensjonen er ein månedleg ytelse, og vert som hovedregel utbetalt frem til ein månad etter at den attlevande har falt bort. Sambuarar har ikkje rett på ektefellepensjon.

Les meir om ektefellepensjon

Barnepensjon

Barn under 20 år har rett på barnepensjon frå Statens pensjonskasse dersom ein av foreldra døyr og forelderen er medlem hjå oss. Hvis eit barn har rett på pensjon frå begge foreldra, utbetaler vi to pensjoner. Pensjonen utbetales til og med månaden barnet fyller 20 år.

Les meir om barnepensjon

Bustadlån

Medlemer i Statens pensjonskasse kan søkje om boliglån på inntil 1,7 millioner kroner – eller 3,4 millioner viss to i husstanden er medlemer. Renta ligg ofte under markedsrenta, og ein kan låne til å kjøpe bolig, refinansiere, pusse opp eller til skifteoppgjør.

Alle medlemer i Statens pensjonskasse kan søkje lån, både yrkesaktive og pensjonister. Ein misser retten til dei gunstige lånevilkåra viss medlemen byter til ein jobb utan medlemskap i SPK.

Les meir om bustadlån

Forsikring

Statens pensjonskasse administrerer gruppelivsordningen og yrkesskadeforsikringen på vegne av staten. Vi administrerer også enkelte andre særordningar for statsansatte.

Gruppelivsordninga er ikkje ein del av medlemsrettane i Statens pensjonskasse, men er ein del av lønsvilkåra for dei som er omfatta av Hovedtariffavtalen i staten.

Medlemer i SPK er dekt av gruppelivsordninga så lenge dei får løn frå stillinga si.

Dei som er omfatta av Hovedtariffavtalen i staten har også yrkesskadeforsikring i SPK.         

Yrkesskadeforsikringa kan dekke utgifter, menerstatning og inntektstap som ei følge av ein varig skade eller sjukdom som følge av ei arbeidsulykke (yrkesskade)

Les meir om forsikring i SPK