Fordelar ved medlem­skapen

Har du fortalt dine tilsette at dei er medlemer i ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg? Dei kan få gunstig bustadlån, og dei og familien er sikra erstatning ved skade, sjukdom eller dødsfall.

Pensjon + løn = livsløn

Som kunde i Statens pensjonskasse har verksemda di ei ytelsesbasert ordning, der den tilsette er sikra eit visst utbetalingsnivå. Private arbeidsgivarar kan velje å ha ei innskotsbasert ordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon og det er stor forskjell på kor mykje arbeidsgivarane sparer opp til pensjon til sine tilsette.

For ein tilsett med 520 000 kroner i årsløn, betaler mange kundar hos oss om lag 50 500 kroner i året til pensjon til den tilsette. Ein privat arbeidsgivar kan velje å betale berre minimumssatsen på 2 prosent, altså 10 400 kroner. På berre eitt år vil den tilsette dermed spare opp rundt 40 100 kroner meir til pensjon hos deg enn hos ein privat arbeidsgivar.

Pensjonen frå ei privat ordning stansar ofte etter ti års utbetaling. Pensjonen frå Statens pensjonskasse er derimot livsvarig.

Uførepensjon

Uførepensjon kan bli gitt til ein medlem som har fått nedsett inntektsevna på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Vi kan innvilge mellombels uførepensjon eller heil eller delvis uførepensjon. Pensjonen blir vanlegvis utbetalt når medlemen har vore sjukemeld i eitt år.

Gunstig bustadlån

Gi dine tilsette tips om at dei kan spara kroner med bustadlånsordninga vår. Renta på våre bustadlån er blant dei lågaste i marknaden, og samanlikna med dei største bankane, kan det vere pengar å spare. Tilrå tilsett dine at dei sjekkar vilkåra hos fleire banker opp mot eit lån i Statens pensjonskasse.

Gode forsikringsordningar

Gruppelivforsikringa i Statens pensjonskasse er ein tryggleik for familien dersom ein tilsett døyr før pensjonsalder. Forsikringa gjeld både i arbeidstid og fritid, og gir ei eingongserstatning uansett dødsårsak.

Dei som er omfatta av hovudtariffavtalen i staten har også yrkesskadeforsikring i Statens pensjonskasse. Yrkesskadeforsikringa kan dekkje utgifter, ménerstatting og inntektstap dersom ein får ein varig skade eller sjukdom som følgje av ei arbeidsulukke/arbeidsskade.

Tilsette kan få permisjon med opptening

Ved permisjonar etter permisjonsavtalen fortset dei tilsette å tene opp pensjonsrettar medan dei er i permisjon.

Ved permisjonar, også utanfor permisjonsavtalen, har dei tilsette fulle pensjonsrettar dei to fyrste åra av permisjonen. Dei er dermed forsikra dersom dei skulle bli uføre, og familien kan få etterlatnepensjon ved dødsfall. Dette gjeld permisjonar både med og utan løn.

Overføringsavtalen gir fleksibilitet innan offentleg sektor

Når tilsette skiftar arbeidsgivar innanfor offentleg sektor, sikrar overføringsavtalen at tida hos dei ulike ordningane blir slått saman.

Nye samordningsreglar for offentleg tenestepensjon

Regjeringa har lagt fram forslag til reglar for korleis offentleg tenestepensjon skal samordnast med folketrygda for dei som er fødde i 1954 og seinare. Forslaget til nye samordningsreglar skal no behandlast av Stortinget. 

Forslag til ein heilt ny pensjonsløysing er òg på gang 

Partane er òg samde om ei heilt ny løysing for offentleg tenestepensjon. Den nye løysinga vil gjelde for dei som er fødde i 1963 og seinare. Før eit lovforslag kan utarbeidast, skal avtalen fyrst forankrast hos medlemene i organisasjonane.  

Treng du fleire tips?

Har du for eksempel tenkt på moglegheita for å vise arbeidsgivardelen på lønsslippen til den tilsette? Ta gjerne kontakt med oss for å få fleire tips om korleis du kan synleggjere alle goda dei tilsette har som medlemer i Statens pensjonskasse.