Tilsette utan medlemskap i folketrygda

For tilsette utan medlemskap i norsk folketrygd er det frivillig å vere medlem i Statens pensjonskasse.

Utanlandske arbeidstakarar og norske tilsette i utlandet

Utanlandske arbeidstakarar som kjem til Noreg for kortare periodar, blir ofte ikkje medlemer i norsk folketrygd.

Nordmenn som jobbar for norske arbeidsgivarar i utlandet mister ofte medlemskapen i folketrygda, men kan søkje om å få oppretthalde det.

For nærmare informasjon om vilkåra for medlemskap i norsk folketrygd, sjå www.nav.no.

Fordelar ved å velje medlemskap

Ein medlemskap i Statens pensjonskasse inneber at tilsette opparbeider seg rettar til avtalefesta pensjon og alderspensjon. Vidare vil dei ved langvarig sjukdom kunne få utbetalt uførepensjon etter opphøyr av sjukepengar. I tillegg kan etterlatne få utbetalt ektefellepensjon og/eller barnepensjon ved dødsfall.

Konsekvensar av å melde seg ut

Dersom tilsette vel å seie frå seg medlemskapen i Statens pensjonskasse, blir hittil tente rettar  oppsette Oppsett pensjon Dersom du tidlegare har vore medlem hos oss, kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon. Det blir stilt krav om minst 3 års oppteningstid. Mer om Oppsett pensjon . Ein konsekvens av dette er at det blir kravd 40 års medlemskap for å få full pensjon. Som aktiv medlem blir det kravd 30 års opptening for dei same rettane. Retten til avtalefesta pensjon bortfell. Dersom tilsette skulle bli langvarig sjukemeld, må dei bli innvilga minimum 50 prosent fast uførepensjon i folketrygda for å få utbetalt den uførepensjonen som er tent i Statens pensjonskasse eller annan offentleg tenestepensjon.

De som arbeidsgivar må informere tilsette om konsekvensane ved utmelding. Dei einskilde tilsette må fylle ut eit eigenerklæringsskjema for å melde seg ut. Eigenerklæringsskjema får de ved å ta kontakt med oss

Særskild medlemsinnskot

Dersom tilsette blir meldt ut av folketrygda, men vil fortsetje å vere medlem hos oss, kostar det 7,5 prosent av den pensjonsgivande løna til den tilsette - uansatt alder. Dette blir kalla særskild medlemsinnskot. Prosentsatsen kjem i tillegg til innbetaling av arbeidsgivardel og 2 prosent medlemsinnskot.

Det er de som arbeidsgivar som innbetaler det særskilde medlemsinnskotet på vegne av dei tilsette. Om de vel å krevje beløpet frå den tilsette eller bruker det som ein del av lønskrava, er ei sak mellom dykk og den tilsette.

Dersom tilsette skal meldast ut av folketrygda, men vil behalde medlemskapen i Statens pensjonskasse, må de som arbeidsgivar kontakte oss i god tid før utmeldinga.

Innmelding og utmelding

Vel de å ikkje betale inn særskild medlemsinnskot, fører det til at arbeidstakaren blir utmeld frå Statens pensjonskasse frå den 1. i månaden etter.

Det er ikkje mogeleg å melde seg ut med tilbakeverkande kraft, fordi den tilsette har vore forsikra så lenge ho eller han har vore medlem.

Ein tilsett kan velje å melde seg inn i Statens pensjonskasse igjen etter å ha vore utmeldt ein periode. Dei hola som eventuelt har oppstått i oppteningstida, kan ikkje tettast ved å innbetale særskild medlemsinnskot for periodar tilbake i tid.