Slik nyttar du oss i rekrutteringa

Pensjon er ein viktig del av løns- og tilsetjingsvilkåra, og Statens pensjonskasse har mange fordeler du kan bruke i rekrutteringa.

Framhev fordelane i stillingsutlysinga

Ved stillingsutlysingar er det mogeleg å opplyse om medlemsfordelane på ein annan måte enn "blir trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse" som mange bruker i dag.

Ta gjerne kontakt med oss for å få gode tips til utlysingstekstar.

Bruk pensjonsordninga under jobbintervjuet

Pensjon er noko som ikkje alle har eit forhold til. Under jobbintervju kan du framheve at pensjonsordninga ikkje berre handlar om tida som alderspensjonist – det handlar også om rettar her og no.

Vi tilrår å framheve fordelar som:

Vis at pensjon er ein del av løn

Som medlem i Statens pensjonskasse betaler tilsette inn eit pensjonsinnskot på 2 prosent av løna. Mange er ikkje klare over at du som premiebetalande kunde betaler inn meir enn dette. Til dømes er det ofte slik at du som arbeidsgivar betaler inn fem-seks tusen kroner per tusen kroner den tilsette betaler inn.

Pensjon er utsett løn og er del av lønnskompensasjonen for den einskilde. Derfor er det fornuftig ikkje berre å diskutere lønnskrav i rekrutteringa, men også fordelane i tenestepensjonsordninga og at pensjon er eit skjult lønsgode. Som kunde i Statens pensjonskasse tilbyr du ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg til dine tilsette.

Fordeler for søkjarar frå offentlege stillingar

I rekrutteringa av nokon som kjem frå ei anna offentleg stilling, kan du leggje vekt på  overføringsavtalen Overførings­avtalen Har du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman. Mer om Overførings­avtalen , som sikrar at tida hos dei ulike ordningane blir slått saman. Alle offentlege tenestepensjonsordningar er med i denne avtalen.

Med andre ord slepp dei tilsette å tenkje på fripolisar frå ulike arbeidsforhold, slik det er i privat sektor.