Slik søkjer du AFP

Arbeidsgivaren din logger seg på Min virksomhet og fyller ut søknad i pensjonsmeldingsskjema saman med deg.
  1. Sjekk om du kan ha rett til AFP.
  2. Avtal pensjonsdato med arbeidsgivar. Dersom du ønsker å fortsette i delvis stilling, må du også avtale stillingsstørrelse.
  3. Når du og arbeidsgivar skal fylle ut skjema, må du ha ein del informasjon klar på førehand. Dersom du ikkje kan sitte saman med arbeidsgivar, må du sende arbeidsgivaren din nødvendig informasjon. Søknad må sendast seinast 2 månader før den månaden pensjonen skal starte.

Gjeld søknaden AFP mellom 62 og 65 år, registrerer vi søknaden og sender den vidare til NAV, som reknar ut og utbetaler pensjonen. Gjeld søknaden AFP frå 65 år, kontrollerer vi at du fyller krava for pensjon frå oss, hentar inn nødvendig informasjon frå NAV og reknar ut pensjonen. Sjølve utbetalinga skjer via NAV. Søkjer du AFP med start etter fylte 65 år, kan du følge med på status på behandling av saka på Min side.

Skal du endre pensjonsgrad?

Viss du har delvis AFP, og ønsker å gå av med heil AFP - eller berre endre grada - må arbeidsgivaren din sende inn ei pensjonsmelding. 

Dersom du skal endre pensjonsgrad når du er mellom 62 og 65 år, må du òg sende informasjon til NAV.