Når du fyller 67 år

Når du vert 67 år, reknar vi pensjonen din om til ein ordinær alderspensjon. Vi reknar ut alderspensjonen etter den oppteningstida og det pensjonsgrunnlaget du hadde då du tok ut AFP.

Alderspensjonen vert utbetalt frå månaden etter du fyller 67 år.

Alderspensjon frå folketrygda

Du må òg søkje om alderspensjon i folketrygda. Det er særs viktig at alderspensjonen frå folketrygda vert utbetalt frå same månad du får alderspensjon herfrå, det vil seie frå månaden etter du fyller 67 år. Viss du ikkje søkjer om alderspensjon frå folketrygda, vert pensjonen din frå Pensjonsordning for apotekverksemd stansa.

Vi gjer merksam på at når du vert 67 år og skal over på alderspensjon i folketrygda, får du berre rekna med pensjonspoeng for inntil tre av dei åra du har hatt AFP. Det vil seie frå du er 62 til 65 år. AFP-tillegget på 1 700 kroner fell òg bort.

Den samla utbetalinga kan i nokre tilfelle verte mindre ved overgang til ordinær alderspensjon.