Delvis AFP

Dersom du kan tenkje deg å trappe ned, men ikkje ønskjer å pensjonere deg fullt ut med ei gong, kan du ta ut delvis AFP viss arbeidsgjevar tillater det.

Både tilsette i full stilling og tilsette i deltidsstilling kan ta ut AFP så sant den gjenverande stillinga utgjer minst 60 prosent av full stilling. Ver likevel merksam på at den nedre grensa for uttak av AFP er 10 prosent.

Storleiken på pensjonen

Storleiken på pensjonen vert fastsett ut frå kor mykje den framtidige pensjonsgjevande inntekta kjem til å utgjere samanlikna med tidlegare pensjonsgjevande inntekt. All pensjonsgjevande inntekt verkar inn på pensjonen.

Du må sjølv gje beskjed til NAV dersom du endrar inntekt mellom 62 og 65 år. Dersom du endrar inntekt mellom 65 og 67 år, må du gje beskjed til oss.

Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:

(Framtidig forventa inntekt / tidlegare pensjonsgjevande inntekt) x 100 = X

Vi stryk desimalane og reknar med heile prosent. Pensjonsgraden er lik 100 - X.

Redusert AFP vert fastsett ved at full AFP vert multiplisert med pensjonsgraden.

Tidlegare pensjonsgjevande inntekt vert fastsett ut frå gjennomsnittleg arbeidsinntekt dei tre beste av dei fem inntektsåra som ligg føre året før det året du tek ut AFP. Det er NAV som rekner ut tidlegare inntekt.

Døme

Per har teke ut AFP, men forventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av NAV til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per vert rekna ut slik: (75 000/425 000) x 100 = 17,64. 100 - 17 = 83. Per sin pensjonsgrad er 83.

Etteroppgjør

Kvart år når skattelikninga ligg føre, reknar vi ut eit etteroppgjer. NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Fra året du fyller 65 år er det Pensjonsordning for apotekverksemd som reknar ut etteroppgjeret. Den endelege berekninga er fyrst klar etter at inntekta som du har meldt, er kontrollert mot likninga for året.