AFP for deg mellom 65 og 67 år

Når du fyller 65 år, er det Pensjonsordning for apotekverksemd sine reglar for utrekning av AFP som gjeld. Har du teke ut AFP før fylte 65 år, og folketrygda si utrekning er høgare enn vår, vil du likevel ikkje gå ned i pensjon.

Frå 65 år er det vilkåra for AFP i Pensjonsordning for apotekverksemd som ligg til grunn for vurdering av søknaden din.

Vilkår for AFP frå 65 år

  • Du må vere i arbeid heilt fram til du skal ta ut pensjon. Det speler inga rolle om du arbeider heiltid eller deltid. Du kan ha delvis permisjon eller delvis pensjon, og vere heilt eller delvis sjukemeldt.  
    Du har ikkje rett til AFP viss du har heil permisjon, er friteken for arbeidsplikt eller berre har ei formell arbeidsplikt.
  • Du må ha vore medlem av Pensjonsordning for apotekverksemd eller anna offentleg tenestepensjonsordning i minst ti år etter at du fylte 50 år. 

Kor stor vert pensjonen?

Avtalefesta pensjon frå oss utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har minst 360 månaders oppteningstid i full stilling. Er oppteningstida di i Pensjonsordning for apotekverksemd kortare enn 360 månader, eller du har arbeidd deltid, vil pensjonen verte tilsvarande redusert.

Storleiken på pensjonen din er avhengig av 

Dersom utrekningsmodellen i folketrygda gjev deg ein høgare pensjon enn pensjon etter våre reglar, utbetaler vi den høgaste av desse. Det vil til dømes kunne gjelde viss du har kortare oppteningstid enn 360 månader, eller viss du har arbeidd deltid ein del av medlemstida. Vi sørgjer for at AFP mellom 65 og 67 år vert rekna ut etter den ordninga som gjev deg høgast pensjon.

Tok du ut AFP før fylte 65 år?

Frå du fyller 65 år er det Pensjonsordning for apotekverksemd som tek over ansvaret for å administrere AFP-pensjonen. AFP vert då rekna ut etter regelverket i Pensjonsordning for apotekverksemd. Du vil som hovudregel ikkje gå ned i pensjon. Vi betaler ut den høgaste av folketrygdutrekna pensjon og pensjon etter våre reglar.