For deg mellom 62 og 65 år
Når du er mellom 62 og 65 år, er det NAV som reknar ut og utbetaler AFP. Dei reknar ut pensjonen som alderspensjonen frå folketrygda med eit AFP-tillegg på 1 700 kroner per månad.
For deg mellom 65 og 67 år
Frå du fyller 65 år, er det Statens pensjonskasse som tek over ansvaret for å administrere AFP-pensjonen. AFP blir då rekna ut etter regelverket i Pensjonsordninga for apotekverksemd. Avtalefesta pensjon frå oss utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har minst 30 års oppteningstid i full stilling. Er oppteningstida di i Pensjonsordninga for apotekverksemd kortare enn 30 år, eller du har arbeidd deltid, vil pensjonen bli tilsvarande redusert.
Storleiken på pensjonen din er avhengig av
Viss du forsørgjer born under 18 år, får du òg[%barnetillegg%].
Dersom utrekningsmodellen i folketrygda gjev deg ein høgare pensjon enn pensjon etter våre reglar, utbetaler vi AFP etter folketrygdas berekningsmodell. Det vil til dømes kunne gjelde viss du har kortare oppteningstid enn 30 år, eller viss du har arbeidd deltid ein del av medlemstida. Vi sørgjer for at AFP mellom 65 og 67 år blir rekna ut etter den ordninga som gjev deg høgast pensjon, så framt du oppfyller krava både i folketrygden og i Pensjonsordninga for apotekverksemd.
Delvis AFP
Storleiken på pensjonen blir fastsett ut frå kor mykje den framtidige pensjonsgivande inntekta kjem til å utgjere samanlikna med tidlegare pensjonsgjevande inntekt.
Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:
(Framtidig forventa inntekt / tidlegare pensjonsgjevande inntekt) x 100 = X
Vi stryk desimalane og reknar med heile prosent. Pensjonsgraden er lik 100 - X.
Redusert AFP blir fastsett ved at full AFP blir multiplisert med pensjonsgraden.
Tidlegare pensjonsgjevande inntekt blir fastsett ut frå gjennomsnittleg arbeidsinntekt dei tre beste av dei fem inntektsåra som ligg føre året før det året du tek ut AFP. Det er NAV som bereknar tidlegare pensjonsgjevande inntekt.
Døme
Per har tatt ut AFP, men forventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av NAV til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per blir rekna ut slik: (75 000/425 000) x 100 = 17,64. 100 - 17 = 83. Per sin pensjonsgrad er 83.