Vilkår for vartpengar

Retten til vartpengar føreset at du

  • er oppsagd fordi stillinga vert inndregen eller arbeidet fell bort 
  • ikkje har rett til å ta ut pensjon eller oppretthalde løn på annan måte
  • har minst fire års samanhengande medlemskap i Statens pensjonskasse umiddelbart før fråtredinga
  • er registrert som reell arbeidssøkjar hos NAV og sender inn meldekort kvar 14. dag 

Vartpengeordninga i Statens pensjonskasse blir utfasa frå 01.03.2016. Tilsette som blir sagde opp etter denne datoen har ikkje krav på vartpengar. Dei som allereie mottek vartpengar, vil fortsetje å motta vartpengar som før.