Vartpengar og pensjon

Tida som vartpengemottakar er pensjonsgjevande sjølv om du i denne perioden slepp å betale pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Så lenge du får utbetalt vartpengar, vil du ikkje tape opptening i Statens pensjonskasse. Sjølv om ytinga vert redusert i den perioden, vil ikkje dette ha innverknad på din  gjennomsnittlege stillingsstorleik Stillings­storleik Kor mykje heiltid og deltid du har jobba i yrkeskarrieren din, avgjer storleiken på pensjonsgrunnlaget ditt når du går av med pensjon. Mer om Stillings­storleik

Viss du i periodar ikkje får vartpengar på grunn av inntekt, har du det vi kallar ein passiv rett til vartpengar. Desse periodane gjev ikkje rett til opptening hos oss.

Vartpengar gir deg òg pensjonsopptening i folketrygda.

Uførepensjon

Dersom du vert arbeidsufør medan du mottek vartpengar, kan du ha rett til uførepensjon frå Statens pensjonskasse og folketrygda.

Du må gje melding til oss i god tid før uførepensjonen skal starte. Vi anbefaler at du søkjer seinast tre månader før sjukemeldingsåret endar.

Viss du mottek delvis vartpengar og delvis uførepensjon, er det viktig å hugse på at det er inntektsreglement for vartpengar som gjeld.

Vartpengar og fleksibel alderspensjon

Frå fylte 62 år kan du ta ut fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Du kan motta både fleksibel alderspensjon og vartpengar utan at vartpengane vert redusert.

Avtalefesta pensjon

Som mottakar av vartpengar kan du ikkje ta ut avtalefesta pensjon (AFP). Dette skuldast at AFP-ordninga krev at du er i løna arbeid når du tek ut pensjon. Kjem du i mellombels arbeid etter at du har gått over på vartpengar, kan du likevel fylle vilkåret om å vere i løna arbeid og ta ut AFP, viss dei øvrige vilkåra for AFP er oppfylte. Dersom vilkåra for AFP er oppfylte, vil retten til vartpengar falle bort.

Etterlatnepensjon

Etterlatne etter vartpengemottakarar kan ha krav på ektefellepensjon og/eller barnepensjon. Nærare opplysningar om dette kan du få ved å kontakte oss på telefon 02775.

Kontroll

Vi kontrollerer arbeidsinntekta for å sjå at det ikkje vert betalt ut for mykje vartpengar. Viss vi har betalt ut for mykje, vil vi normalt krevje at du betaler det tilbake.