Vartpengar og inntekt

Den samla summen av vartpengane og anna inntekt du har, kan ikkje overstige 82,5 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Arbeidsinntekt og vartpengar

Er arbeidsinntekta høgare enn 82,5 prosent av vartpengegrunnlaget, reduserer vi vartpengane slik at arbeidsinntekt og vartpengar til saman ikkje kjem over denne grensa. Det vil seie at den overskytande delen kjem til frådrag i vartpengane. Vartpengane vil med andre ord ikkje verte redusert dersom stønaden og arbeidsinntekta til saman er lik eller mindre enn 82,5 prosent av pensjonsgrunnlaget. 

Hugs! Som vartpengemottakar har du plikt til å melde frå om alle forhold som kan ha innverknad på ytinga. 

Inntekt som kan føre til reduksjon/bortfall av vartpengane:

  • Inntekt frå nytt arbeid etter oppseiinga
  • Berekna personinntekt frå sjølvstendig næringsverksemd 
  • Feriepengar opptent i arbeidsperiode du har motteke vartpengar.

Du skal melde feriepengar som inntekt i den månaden dei vert betalt ut.  

Inntekt som ikkje fører til reduksjon/bortfall av vartpengane:

  • Feriepengar opptente i arbeidsforhold før vartpengestart eller i periodar der vartpengane er stansa
  • Inntekt frå anna arbeid du hadde før du vart oppsagd
  • Inntekt frå reststilling etter delvis oppseiing

Viss inntekta frå reststilling etter delvis oppseiing aukar, kan det likevel føre til at vartpengane vert reduserte. Du må difor melde frå viss inntekta aukar. 

Kva skjer når vi reduserar vartpengane?

Vartpengar som vert reduserte på grunn av inntekt, vert reduserte per månad. Du må melde frå om brutto månadsinntekt så snart du veit kva den vert.

Vi vurderer inntekta og reknar ut eventuell reduksjon i vartpengane. Viss meldinga kjem inn før den 5. i månaden, vert vartpengeutbetalinga som hovudregel redusert same månad. Kjem inntektsmeldinga seinare enn den 5. i månaden, vert vartpengeutbetalinga redusert i påfølgjande månad.

Fast arbeidsinntekt

Viss du vert fast tilsett i ei anna stilling medan du mottek vartpengar, vil vi berekne inntekta. Viss den faste arbeidsinntekta er høgare enn 82,5 prosent av vartpengegrunnlaget, fell vartpengane bort for godt.

Mellombels arbeidsinntekt

Vi gjer òg ei inntektsberekning viss du får mellombels arbeidsinntekt medan du mottek vartpengar. Du har likevel framleis sjølve retten til vartpengar fram til fastsett maksimaldato - det vi kallar ein passiv rett - sjølv om den mellombelse arbeidsinntekta er høgare enn 82,5 prosent av vartpengegrunnlaget. I slike tilfelle betaler vi ut vartpengar igjen når arbeidsinntekta fell bort eller vert lågare enn 82,5 prosent av vartpengegrunnlaget. Passiv rett gjev ikkje oppteningstid i Statens pensjonskasse.

Inntekt før fråtreding

Har du inntekt før fråtreding som ikkje er resultat av frigjord arbeidskapasitet etter oppseiinga, må du melde frå om dette. Denne inntekta skal ikkje verke inn på vartpengane.

Det er stillingsstorleiken du skal melde frå om til oss. I enkelte saker der det er vanskeleg å angje ein prosent, kan eit månadleg gjennomsnittsbeløp reknast ut. Dette vil brukast som eit fribeløp. All inntekt som er høgare enn fribeløpet, skal då meldast som inntekt.

Du dokumenterer arbeidsinntekta med ei utskrift av løns- og trekkoppgåve frå likningskontoret for fjoråret, og kopi av lønsslippar eller stadfesting frå arbeidsgjevar for månadene i inneverande år. Næringsinntekt dokumenterer du ved å sende oss utskrift av likning eller stadfesting frå rekneskapsførar for dei siste to kalenderåra.