Utdanning, ferie, dagpengar eller sjukepengar

Utdanning

Som hovudregel kan du ikkje motta vartpengar viss du samtidig utdanner deg på dagtid. 

Unntaka er:

  • Du kan du ta kurs som varer i inntil eitt år viss det er i regi av NAV.
  • Du kan du ta utdanning som ikke er i regi av NAV og som i sin heilskap er gjennomført og avslutta i løpet av tre månader. I desse tilfella må du sende ein skriftleg søknad til Statens pensjonskasse.
  • Du kan ta utdanning på kveldstid og i helger dersom studia kan kombinerast med vanleg arbeid på dagtid kvardagar. 

Ta kontakt med oss viss du har spørsmål.

Ferie og feriepengar

Du kan ta ferie frå å vere arbeidssøkjar i inntil tre veker i kalenderåret medan du får utbetalt vartpengar. Du må då melde frå til både oss og NAV arbeid.

Vartpengar fører ikkje til opptening av feriepengar.

Feriepengar som er opptent i arbeidsforhold etter at du er innvilga vartpengar, skal du melde til oss som inntekt.

Dagpengar

Vanlegvis vil du ikkje ha rett til dagpengar frå NAV samstundes som du mottek vartpengar. Dagpengar frå NAV kan likevel verte utbetalt samstundes som vartpengar, dersom dagpengar ville gitt deg høgare inntekt enn vartpengane gjer. Det kan vere aktuelt til dømes dersom du ikkje får 66 prosent stønad på grunn av for kort medlemstid eller mykje overtid eller annan arbeidsinntekt i året før fråtreding. NAV kan orientere nærare om dagpengereglane.

Viss vartpengane opphøyrer, har du som hovudregel ikkje rett til dagpengar.

Sjukepengar

Du har krav på sjukepengar frå NAV frå første dag du er sjukemeldt. Utbetalinga av vartpengar skal stansast under sjukemeldinga.

Ved sjukdom skal du snarast

  • sende kopi av sjukemeldinga til Statens pensjonskasse
  • sende krav om sjukepengar direkte til ditt NAV-kontor
  • melde frå til NAV

Det er ikkje mogleg å motta vartpengar og sjukepengar samstundes. Dersom du har fått utbetalt sjukepengar frå NAV samstundes med vartpengar, vil vi krevje for mykje utbetalte vartpengar tilbakebetalt.

Ved friskmelding skal du snarast

  • sende kopi av friskmelding til Statens pensjonskasse
  • kontakte NAV og gje beskjed om at du er friskmeldt
  • sende ny stadfesting frå NAV til oss om at du er tilmeldt NAV arbeid

Når du vert friskmeldt, betaler vi ut vartpengar når vi har motteke friskmelding og stadfesting på at du er oppført som arbeidssøkjar hos NAV.

Det er viktig at du søkjer mellombels uførepensjon frå Statens pensjonskasse dersom det er sannsynleg at du vil vere sjuk utover eitt år.