Slik søkjer du

Vartpengeordninga i Statens pensjonskasse blir utfasa frå 01.03.2016. Tilsette som blir sagde opp etter denne datoen har ikkje krav på vartpengar. Dei som allereie mottek vartpengar, vil fortsetje å motta vartpengar som før.

Vartpengar blir innvilga for inntil tre år om gongen. Når du aldersgrensen for stillinga eller blir 67 år før det har gått tre år, blir søknaden innvilga til dette tidspunktet. Du må sende inn eigen søknad om å få forlenga vartpengeperioden.

Sjekk opplysningane

Når du mottek brevet om innvilga vartpengar, er det viktig at du nøye går gjennom vedtaksbrevet og kontrollerer at vartpengane er rekna ut på grunnlag av riktige opplysningar. Du har plikt til å melde frå dersom grunnlaget er galt. Brevet du får inneheld òg informasjon om dine rettar og plikter.

Retten til å anke

Dersom du er ueinig i vedtaket, kan du anke avgjerda til Trygderetten. Anken skal i så fall sendast til Statens pensjonskasse.