Så mykje kan du få

Ved full opptening utgjer vartpengane 66 prosent av det pensjonsgrunnlaget du har når du slutter i stillinga di.

Pensjonsgrunnlag

Når vi reknar ut vartpengar, tek vi utgangspunkt i pensjonsgrunnlaget Pensjons­grunnlag Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå. Mer om Pensjons­grunnlag  ditt. Løn ut over 12 gonger  grunnbeløpet i folketrygda Grunn­beløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 93 634 kroner per 01.05.2017. Mer om Grunn­beløp (G) vert ikkje rekna med i grunnlaget for utrekning av vartpengar.

Oppteningstid

For å få full opptening, må den pensjonsgjevande tenestetida di, inkludert tida fram til aldersgrensa, vere 30 år eller meir. Vi reknar ut vartpengane etter kor lang  oppteningstid Opptenings­tid Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse blir kalla oppteningstid. Dette vil normalt seie den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid. Mer om Opptenings­tid du har.

Tenestetid frå andre pensjonsordningar, til dømes kommunale, får du ikkje med deg ved utrekning av vartpengar. Tid frå andre pensjonsordningar som er omfatta av  overføringsavtalen Overførings­avtalen Har du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil den norske overføringsavtalen sikre at dei ulike periodane blir slått saman. Mer om Overførings­avtalen , vil likevel verte rekna med når du går over på pensjon.

Kva får eg?

Vartpengane vert rekna ut etter den stillingsstorleiken du hadde ved oppseiing. Vartpengar skal minst tilsvare minstepensjonen i folketrygda, eventuelt med ektefelletillegg. Viss du jobba deltid, vert garantibeløpet redusert forholdsmessig. Til dømes skal ytinga ved 50 prosent stilling minst utgjere 50 prosent av minstepensjonen i folketrygda.

Regulering

Vartpengane vert regulert i takt med endringane i  grunnbeløpet i folketrygda Grunn­beløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 93 634 kroner per 01.05.2017. Mer om Grunn­beløp .