Sist oppdatert: 01.03.2016
Så lenge kan du få vartpengar
Kor lenge du kan få vartpengar, heng saman med kor gammal du er når du sluttar i stillinga.
Vartpengane kan dessutan ikkje verte utbetalt for ein lengre periode enn medlemstida du hadde i Statens pensjonskasse då du gjekk over til vartpengar.
Lengda på vartpengeperioden:
Alder ved fråtreding: | Antall år med vartpengar (maksimalt): |
Før fylte 50 år | inntil 3 år |
50-54 år | inntil 4 år |
Frå fylte 55 år | inntil 12 år |
Som hovudregel vert vartpengar innvilga for tre år av gongen. For å få innvilga vartpengar ut over dette, må du søkje på nytt.