Kva er vartpengar?

Vartpengar er ei økonomisk støtteordning for tilsette som vert overtalige og oppsagde frå ikkje-statlege verksemder med medlemskap i Statens pensjonskasse.

Vilkår for vartpengar er at du

  • er oppsagd fordi stillinga vert inndregen eller arbeidet fell bort
  • ikkje har rett til pensjon eller oppretthalder løn på anna måte
  • har minst fire års samanhengande medlemskap i Statens pensjonskasse umiddelbart før fråtreding
  • er registrert som reell arbeidssøkjar hos NAV og sender inn meldekort kvar 14. dag

Vartpengeordninga i Statens pensjonskasse blir utfasa frå 01.03.2016. Tilsette som blir sagde opp etter denne datoen har ikkje krav på vartpengar. Dei som allereie mottek vartpengar, vil fortsetje å motta vartpengar som før.

Arbeidsgjevar må vere omfatta av vartpengeordninga

For å ha rett til vartpengar, må arbeidsgjevaren vere omfatta av vartpengeordninga. Vi administrerer ordninga, men den vert i sin heilskap finansiert av arbeidsgjevaren. Viss verksemda du jobbar i legg ned, eller arbeidsgjevaren din melder seg ut av Statens pensjonskasse eller vartpengeordninga, fell finansieringa og medlemskapen bort, og retten til vartpengar opphøyrer.

Kor lenge kan du få vartpengar?

Kor lenge vartpengar vert betalt ut, er avhengig av alderen din når du sluttar i stillinga. Vartpengar kan uansett ikkje betalast ut for ein lengre periode enn oppteningstida du har i Statens pensjonskasse.