Døme på utrekning

Generell utrekning

Viss du har ei total tenestetid på minst 30 år, får du 66 prosent av pensjonsgrunnlaget. Dette vert redusert viss stillingsstorleiken er lågare enn 100 prosent. 

Slik reknar vi ut vartpengane:

Pensjonsgrunnlag x stillingsstorleik tidlegare stilling x 66 % x total tenestetid/30 = vartpengar

Døme på utrekning av varigheit

Kor lenge du får vartpengar, er avhengig av kor mange år du har arbeidd i stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse og alderen din då du slutta i stillinga.

a) Ved full oppteningstid, 30 år

Arne Larsen er vorten oppsagd frå stillinga som konsulent. Han arbeidde i heil stilling og hadde ei månadsinntekt, inkludert faste tillegg, på 18 500 kroner ved fråtreding.

Vartpengane til Arne per månad vert rekna ut slik:
kr 18 500 x 100 % x 66 % x 30/30 = kr 12 210

b) Ved anna oppteningstid

Line Berg si totale medlemstid (som er medrekna tida fram til aldersgrensa for stillinga) er ikkje 30 år, slik som hos Arne Larsen, men 20 år. Ho tener like mykje som Arne. Vartpengane vert reduserte forholdsmessig:

kr 18 500 x 100 % x 66 % x 20/30 = kr 8 140

Døme på utrekning av inntekt

a) Reduksjon av vartpengane

Etter nokre månader får Arne tilbod om eit vikariat på eitt år og lurer på kva innverknad dette vil ha på vartpengane.

Dersom Arnes arbeidsinntekt er høgare enn 82,5 prosent av pensjonsgrunnlaget, vil vartpengane verte reduserte slik at vartpengar og arbeidsinntekt til saman ikkje går over denne grensa. Arne tener 8 500 kroner som vikar.

Slik reknar vi ut korleis vartpengane skal reduserast:

Vanleg vartpengeutrekning  

kr 12 210

 + Arbeidsinntekt  

kr  8 500

= Til saman  

kr 20 710

- 82,5 % av pensjonsgrunnlag kr 18 500 x 82,5 %

kr 15 263

= Differanse (trekk i vartpengar)  

kr  5 447

     
Vartpengar før trekk:  

kr 12 210

- trekk i vartpengar  

kr  5 447

= Brutto vartpengar til utbetaling:  

kr  6 763

 
Du må rapportere alle endringar i arbeidsinntekt til oss. Dersom arbeidsinntekta varierer, kan vartpengebeløpet òg variere.

b) Bortfall

Inntekt som er lik eller høgare enn 82,5 prosent av pensjonsgrunnlaget ved full opptening fører til bortfall av vartpengane.

Arne får etter kvart tilbod om full stilling, og tener 17 000 kroner per månad. Vi gjer følgjande kontrollutrekning:

Vanleg vartpengeutrekning  

kr 12 210

+ Arbeidsinntekt  

kr 17 000

= Til saman  

kr 29 210

- 82,5 % av pensjonsgrunnlag kr 18 500 x 82,5 %

kr 15 263

= Differanse (trekk i vartpengar)  

kr 13 947

     
Vartpengar før trekk  

kr 12 210

- trekk i vartpengar   

kr 13 947

= Brutto vartpengar til utbetaling:  

kr          0

Arbeidsinntekta til Arne er høgare enn 82,5 prosent av pensjonsgrunnlaget. Vartpengane vil derfor falle bort medan han har denne arbeidsinntekta.