Bortfall av vartpengar

I nokre tilfelle kan du miste retten til vartpengar. Det gjeld viss du ikkje er reell arbeidssøkjar, ikke er tilmeldt NAV, ikkje søkjer/tek annan jobb eller viss du gjev gale opplysningar.

Viss du ikkje er reell arbeidssøkjar

Du kan berre få vartpengar dersom du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar. Vartpengane kan falle bort i eit avgrensa tidsrom dersom du ikkje kan reknast som reell arbeidssøkjar etter krava i folketrygdlova. I særlege tilfelle kan det òg krevjast at du er villig til å ta arbeid som gjev lågare inntekt enn vartpengane.

Retten til vartpengar fell bort i åtte veker første gong nokre av desse krava ikkje vert oppfylt, tolv veker dersom det skjer to gonger i løpet av tolv månader og seks månader dersom det skjer tre gonger i løpet av tolv månader.

Viss du ikkje er tilmeldt NAV

Vartpengar vert ikkje utbetalt for periodar du ikkje er tilmeldt NAV som arbeidssøkjar. Du må sende inn meldekort til NAV kvar 14. dag. For å kontrollere om du som vartpengemottakar oppfyller kravet om å vere reelt arbeidssøkjande, etterspør vi årleg NAV si oversikt over din meldehistorikk til NAV. 

Viss du ikkje søkjer/tek annan jobb

Vartpengane kan falle bort dersom du utan rimeleg grunn let vere å søkje eller ta tilgjengeleg høveleg arbeid, eller let vere å delta ved tiltak i regi av NAV. Viss du avslår tilbod om å søkje anna høveleg stilling, kan fortrinnsretten og retten til vartpengar falle bort.

Om ei stilling kan reknast som høveleg, må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Tre forhold verker særleg inn på kva som kan reknast som ei høveleg stilling: løn, arbeidsoppgåver og reiseavstand.

  • Løna skal vere minst 82,5 prosent av løna i den stillinga du er oppsagd frå.
  • Arbeidsoppgåvene skal vere av tilnærma lik art. Ei stilling er ikkje passande dersom arbeidssituasjonen er vesensforskjellig, til dømes manuelt arbeid i forhold til kontorarbeid.
  • Med omsyn til reiseavstanden mellom heim og arbeidsplass, vil ein ofte rekne stillinga for å vere passande dersom du kan dagpendle. I tillegg vil alder, helse, omsorg for små barn og liknande kunne takast omsyn til.

Viss du gjev gale opplysningar

Viss du sjølv er skuld i at du feilaktig får for mykje vartpengar, kan retten til ytinga falle bort. Viss det er betalt ut for mykje vartpengar, vil dei verte krevd tilbakebetalt. I alvorlege tilfelle vil det verte vurdert å reise påtale.