Offentleg teneste­pensjon frå Statens pensjons­kasse

Statens pensjonskasse er ei tenestepensjonsordning for tilsette i staten og skuleverket. I tillegg er mange innan forskningssektoren, forskjellige forvaltningsverksemder og fleire andre verksemder, for det meste innan offentleg sektor, tilknytte oss.

Pensjon frå Statens pensjonskasse er eit viktig bidrag til økonomien din den dagen du sluttar å arbeide, eller viss noko uventa skjer. Medlemskapen hos oss inkluderer:

  • Alderspensjon
  • AFP
  • Uførepensjon
  • Etterlatnepensjon

Vilkår for medlemskap

  • Medlemskapen er kollektiv. Det tyder at du både har rett og plikt til å verte medlem viss du er tilsett i ei stilling der du arbeider minimum 20 prosent av full stilling.
  • Det er òg eit vilkår for medlemskap at du er medlem i folketrygda, alternativt at du betaler inn ei særskilt avgift til Statens pensjonskasse.

Som medlem i Statens pensjonskasse betaler du 2 prosent av løna di til oss, som ein del av premien. Arbeidsgjevaren din betaler gjerne 5-6 gonger dette beløpet som premie for din medlemskap.

Offentlig tenestepensjon er ytingsbasert

Ei tenestepensjonsordning er anten ytingsbasert eller innskotsbasert.

Ytingsbasert ordning

Offentleg tenestepensjon er ei ytingsbasert ordning. Det tyder at nivået på pensjonen din er avtalt på førehand. Som medlem i Statens pensjonskasse er du garantert ein pensjon på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før  levealdersjustering Levealders­justering Pensjonen du har tent opp skal fordelast på den mengda år årskullet ditt blir forventa å leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon. Mer om Levealders­justering – livet ut. Føresetnaden er at du har full opptening og har arbeidd i full stilling.

Garantien på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget gjeld totalt utbetalt pensjon frå folketrygda og Statens pensjonskasse. Dette vert kalla ei bruttoordning. For å vite kor stor del av pensjonen som skal betalast av Statens pensjonskasse, må vi altså vite kor stor pensjon du får frå folketrygda.

Innskotsbasert ordning

I ei innskotsbasert ordning betaler arbeidsgjevaren din inn eit årleg beløp - eit innskot - som er minimum 2 prosent av løna. I tillegg får du ei årleg avkasting. Denne avkastinga er avhengig av storleiken på innskotet og risikoprofilen på fonda det vert spart i. Kor mykje du får i pensjon, vert ikkje rekna ut før du tek ut pensjonen.

Kva er full opptening?

Du har full  opptening Opptenings­tid Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse blir kalla oppteningstid. Dette vil normalt seie den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid. Mer om Opptenings­tid viss:

  • Du har vore medlem i 30 år, har jobba i full stilling og framleis jobbar i ei stilling som gjev medlemskap i Statens pensjonskasse når du tek ut pensjon.
  • Du har vore medlem i opptil 40 år, har jobba i full stilling og jobbar no i ei stilling som ikkje gjev medlemskap i Statens pensjonskasse når du tek ut pensjon. Som regel tyder det at du har gått frå offentleg til privat sektor.

Pensjonsrettar frå første arbeidsdag

Det er inga nedre tidsgrense for kor lenge du må ha vore tilsett for å verte medlem. Du opparbeider pensjonsrettar hos oss sjølv om du berre er mellombels tilsett i eit vikariat eller engasjement. Føresetnaden er at du har eit tilsettingsforhold som er over minstegrensa for medlemskap. Det tyder til dømes at du frå første dag vil kunne ha rett til uførepensjon frå oss. Ved dødsfall har òg dine etterlatne rett til pensjon etter nærare bestemte reglar.

Tidlegare medlemer

Viss du sluttar i offentleg verksemd, går du frå å vere eit aktivt medlem til å vere tidlegare medlem. Det tyder at du kan ha rett til ein framtidig pensjon frå oss.

  • Det føreset at du har samla oppteningstid på minst tre år.
  • Det inneber at full opptening aukar frå 30 til 40 år.

Viss du sluttar i stillinga som gjev rett til medlemskap og går over til ei anna stilling i kommunal eller fylkeskommunal sektor, gjeld ein egen avtale om overføring av pensjonsrettar innan offentleg sektor.