Kan eg endre frå AFP til fleksibel alders­pensjon?

Du kan endre frå AFP i offentleg sektor til alderspensjon frå NAV, men du kan ikkje få utbetalt AFP og alderspensjon frå NAV på same tid.

Har du AFP frå offentleg sektor, og tek ut alderspensjon frå folketrygda (NAV) i staden, mister du retten til AFP. Viss du bytter frå offentleg AFP til alderspensjon frå NAV, og samtidig sluttar heilt å jobbe i stillinga med rett til medlemskap hos oss, får du rettar som tidlegare medlem.

Dersom du har alderspensjon frå NAV og framleis jobbar i stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse, kan du søkje om AFP dersom vilkåra elles er oppfylte. Alderspensjonen frå folketrygda opphøyrer dersom du tek ut AFP frå offentleg sektor.