Eg har tent over 15 000 kroner. Kva gjer eg?

Dersom du jobbar meir enn det du planla då du søkte om AFP, må du melde frå om det til oss om du er over 65 år. Er du under 65 år, må du melde frå til NAV. Då vil din AFP verte rekna ut på nytt, med ny pensjonsgrad. 

Etteroppgjer

Kvart år når skattelikninga ligg føre, reknar vi ut eit etteroppgjer. NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.