Eg har endra inntekt. Kva gjer eg?

Dersom du jobbar meir enn det du planla då du søkte om AFP, må du melde frå om at inntekta skal endrast. 

Før 65 år

Du må melde frå til NAV. Dei vil rekne ut AFP-en din på nytt, med ny pensjonsgrad.

Etter 65 år 

Du må melde frå til SPK. Vi vil rekne ut AFP-en din på nytt, med ny pensjonsgrad. 

Etteroppgjer

Kvart år når skattelikninga ligg føre, reknar vi ut eit etteroppgjer. NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.