Kva informasjon må du ha klar når søknaden skal fyllast ut?

Arbeidsgivaren din fyller ut søknaden saman med deg, og sender inn søknaden seinast to månader før den månaden pensjonen skal starte. Dersom du ikkje kan sitte saman med arbeidsgivar, må du sende nødvendig informasjon til arbeidsgivaren din.

Dette er opplysningane som må med i skjemaet:

Namn, adresse og telefonnummer

Fyll ut personalia.

Målform

Velg bokmål eller nynorsk.

Dato du skal ta ut pensjon og om du skal slutte heilt eller fortsette i redusert stilling

Dersom du skal fortsette i redusert stilling, kva stillingsprosent skal du fortsette i?

Kontonummer

Pensjonen blir utbetalt via NAV, og kontonummeret du oppgir her vil også bli brukt til andre utbetalingar frå NAV.

Inntektsopplysningar

  • Månadleg brutto arbeidsinntekt du skal ha i tillegg til AFP. Les mer om AFP og inntekt.
  • Årleg brutto arbeidsinntekt året før start av AFP. Eksempel: Du skal starte AFP 01.04.2018. Da skal du oppgi inntekta du hadde i 2017.
  • Forventa brutto arbeidsinntekt i uttaksåret fram til start av AFP. Eksempel: Du skal starte AFP 01.04.2018. Da skal du oppgi inntekt i perioden 01.01.2018 til og med 31.03.2018. 

Inntektsopplysningar om ektefelle/partnar/sambuar

For gifte/registrerte partnarar

Du må finne fram informasjon om ektefelle/registrert partnar dersom du bur saman med ektefelle/registrert partnar:

  • Namn, fødselsnummer og inntekta til ektefelle/registrert partnar. Med inntekt meiner vi samla årsinntekt det året du tar ut pensjon, og inkluderer arbeids-, kapital-, og pensjonsinntekt og andre inntekter.

For sambuarar

Du må finne fram informasjon om sambuar dersom eit eller fleire av punkta under gjeld deg:

  • Du har barn saman med sambuaren din.
  • Du har tidlegare vore gift med sambuaren din.
  • Du har vore sambuar minst 12 av dei siste 18 månadene (ta med dato de blei sambuarar).

Namn, fødselsnummer og inntekta til sambuar. Med inntekt meiner vi samla årsinntekt det året du tar ut pensjon, og inkluderer arbeids-, kapital-, og pensjonsinntekt og andre inntekter.

Dersom du forsørger ektefelle/registrert partnar/sambuar fordi dei har spesielt låg inntekt, så kan du ha rett til særskild forsørgingstillegg. Kryss av for dette dersom du meiner du kan ha rett på tillegget. Du kan lese om vilkåra for dette på www.nav.no.

Utanlandsopphald

Du må oppgi periodar du har budd eller arbeidd utanfor Noreg. Er du i tvil om utanlandsopphaldet ditt tel som å ha budd eller arbeidd utanfor Noreg, må du ta kontakt med NAV.

Statsborgarskap

Har du norsk statsborgarskap?

Flyktningestatus

Har du fått status som flyktning frå UDI?