Sjekkeliste for deg som har fått etteroppgjer

I nokre tilfelle kan det vere verdifullt for deg å sende oss meir informasjon, fordi opplysingane kan føre til at etteroppgjeret blir endra. Sjekk om du har opplysingar som kan endre etteroppgjeret for AFP.

Berre inntekt som er tent opp samstundes med AFP, skal vere med i etteroppgjeret. Opplysingane om inntekt som vi får frå Skatteetaten viser når inntekta blei utbetalt, ikkje når ho blei tent opp. Dersom du hadde inntekt før AFP starta, men inntekta blei utbetalt først etter at pensjonen starta, må du sende oss dokumentasjon på dette.

Eksempel

Ola fekk AFP frå SPK 01.09.2018. I november 2018 fekk han etterbetalt 6 000 kroner frå arbeidsgivaren sin som følgje av lønnsoppgjeret. Etterbetalinga var for perioden 01.05.2018– 31.10.2018. Etterbetalinga av lønn for perioden 01.05.2018–31.08.2018 skal ikkje med i etteroppgjeret.

Kva må du gjere?

Send oss ei stadfesting frå arbeidsgivaren din som viser når inntekta er tent opp, når den blei utbetalt og beløpet før skatt.

På grunn av strenge krav til personvern tilrår vi ikkje å sende fullt fødselsnummer i e-post. Du kan sende dokumentasjonen per e-post til postmottak@spk.no hvis du sladdar dei fem siste tala i fødselsnummeret i dokumentasjonen. Du kan også sende dokumentasjonen per post til:

Statens pensjonskasse
Postboks 10 Skøyen
0212 Oslo

Berre inntekt som er tent opp samstundes med AFP, skal vere med i etteroppgjeret. Vi får ikkje opplysingar frå Skatteetaten som viser når næringsinntekta blei tent opp. Dersom du hadde AFP deler av året, må du informere oss om kor mykje av næringsinntekta di som blei tent opp i perioden du ikkje hadde AFP. 

Eksempel

Gro fekk AFP frå 01.07.2018. Når vi bereknar etteroppgjeret hennar, skal vi sjå bort frå inntekta som er tent opp frå januar til og med juni fordi ho ikke fekk AFP i denne perioden. Gro hadde ei næringsinntekt på 120 000 kroner i 2018, der 100 000 kroner blei tent opp før AFP startet 01.07.2018, og 20 000 kroner etter pensjonen starta. Vi held derfor 100 000 kroner utanfor etteroppgjeret for 2018.  

Kva må du gjere?

  • Send oss kopi av skatteoppgjeret.
  • Dersom næringsinntekta ikkje er tent opp jamt gjennom året, må du dokumentere kor mykje av næringsinntekta som er tent opp i perioden du ikkje fekk AFP. Dette må stadfestes av regnskapsførar.

På grunn av strenge krav til personvern tilrår vi ikkje å sende fullt fødselsnummer i e-post. Du kan sende dokumentasjonen per e-post til postmottak@spk.no hvis du sladdar dei fem siste tala i fødselsnummeret i dokumentasjonen. Du kan også sende dokumentasjonen per post til:

Statens pensjonskasse
Postboks 10 Skøyen
0212 Oslo

Nokre typar erstatningsutbetalingar skal haldast utanom etteroppgjeret. Opplysingane om inntekt som vi får frå Skatteetaten, viser ikkje om du har hatt slik inntekt. Du må derfor informere oss dersom du har fått erstatningsoppgjer for inntektstap etter

  • skadeerstatningslova § 3-1,
  • yrkesskadeforsikringslova § 13, eller
  • pasientskadelova § 4 første ledd. 

Kva må du gjere?

Send oss ei stadfesting frå den som har utbetalt erstatninga, som viser kva lov og paragraf erstatninga er berekna etter, kva periode erstatninga gjeld for, når erstatninga blei utbetalt og beløpet før skatt.

På grunn av strenge krav til personvern tilrår vi ikkje å sende fullt fødselsnummer i e-post. Du kan sende dokumentasjonen per e-post til postmottak@spk.no hvis du sladdar dei fem siste tala i fødselsnummeret i dokumentasjonen. Du kan også sende dokumentasjonen per post til:

Statens pensjonskasse
Postboks 10 Skøyen
0212 Oslo

I etteroppgjeret vurderer vi om du fekk korrekt AFP ut frå inntekta som framgår av skatteoppgjeret ditt. Dersom Skatteetaten gjer om inntekta di fordi du har klaga på skatteoppgjeret ditt, eller har endra skattemeldinga etter at leveringsfristen for skattemeldinga er passert, må du sende oss det nye skatteoppgjeret.

Kva må du gjere?

Send oss kopi av det endra skatteoppgjeret.