Kva er etteroppgjer?

Kvart år når skatteoppgjeret er klart, sjekker vi om du har fått riktig pensjon ut frå den inntekta du har oppgitt. Dersom du har fått for mykje eller for lite i pensjon, får du et etteroppgjer.

NAV reknar ut etteroppgjeret når du er mellom 62 og 64 år. Frå året du fyller 65 år er det Statens pensjonskasse som reknar ut etteroppgjeret.

Dersom du er AFP-pensjonist, og det viser seg at den faktiske inntekta di etter at du gjekk av med pensjon avviker med meir enn 15 000 kroner frå den inntekta pensjonen er rekna ut etter, endrar vi pensjonen din tilbake i tid. Du får då anten etterbetalt pensjon, eller må betale tilbake dersom du har fått for mykje utbetalt.

Når vi skal rekne ut etteroppgjeret, får du eit brev med informasjon om inntektsopplysningane vi har brukt for å berekne etteroppgjeret. Du får også informasjon om kva du må gjere dersom du har hatt inntekt som skal haldast utanom etteroppgjeret.

Les meir om AFP og inntekt.