Inntekt som skal haldast utanom etteroppgjeret

I utgangspunktet skal all pensjonsgivande inntekt tas med i etteroppgjeret. Det er likevel nokre typar inntekt som ikkje påverker AFP – og som skal haldast utanom etteroppgjeret.

Pensjonsgivande inntekt som inngår i skatteoppgjeret, skal også inngå i etteroppgjeret.

Dette gjeld blant anna

  • arbeidsinntekt frå privat og offentleg verksemd
  • styrehonorar
  • honorar fra ulike tillitsverv
  • feriepengar som er opptent frå arbeid du har utført etter at du tok ut heil eller delvis AFP første gong.

Med pensjonsgivande  inntekt Inntekt Med inntekt meiner vi pensjonsgivande inntekt i folketrygda. Mer om Inntekt meiner vi pensjonsgivande inntekt i folketrygda, eller inntekt av same type frå utlandet.

Inntekt som ikkje påverkar pensjonen din

Inntekt du har tent opp før du tok ut AFP, og inntekt opptent etter at du fylte 67 år, påverkar ikkje AFP. Slik inntekt skal dermed haldast utanom etteroppgjeret.

Dette gjeld

  • inntekt du hadde før du tok ut AFP første gong
  • feriepengar som stammar frå arbeid utført før AFP starta
  • inntekt opptent etter at du fylte 67 år.

Godkjend dokumentasjon

I informasjonen vi sender ut i samband med etteroppgjeret, beskriv vi kva for dokumentasjon og opplysningar du må sende oss dersom du har hatt slik inntekt.