Innbetaling av krav

Dersom etteroppgjeret viser at du har fått utbetalt for mykje AFP, får du krav om å betale tilbake for mykje utbetalt pensjon.

Viser etteroppgjeret at du har fått utbetalt for mykje pensjon, vil vi trekke i framtidige utbetalingar i AFP og/eller alderspensjon frå folketrygda. Vi fastset framtidige trekk slik at du betalar tilbake for mykje utbetalt pensjon innan 12 månader.

Du kan auke trekket eller innbetale heile beløpet på ein gong

Dersom du ønsker å betale heile kravet på ein gong, eller ønsker at vi trekk eit høgare månadsbeløp, ta kontakt med oss på postmottak@spk.no.