Dokumentasjon for etteroppgjer

I samband med etteroppgjeret blir alle som mottek brev frå SPK bedt om å dokumentere eventuell inntekt som skal haldast utanfor.

Inntekt som påverkar pensjonen din

I utgangspunktet skal all pensjonsgivande inntekt som inngår i statteoppgjeret, inngå i etteroppgjeret.

Dette gjeld blant anna

  • arbeidsinntekt frå privat og offentleg verksemd
  • styrehonorar
  • honorar for ulike tillitsverv
  • feriepengar som er opptent frå arbeid du har utført etter at du tok ut heil eller delvis AFP første gong

Inntekt som ikkje påverkar pensjonen din

Det er viktig at inntekt som ikkje skal påverke pensjonen din, haldast utanfor.

  • Inntekt du hadde før du tok ut AFP første gong. Dersom du tok ut heil eller delvis AFP for første gong i 2016, treng vi dokumentasjon på inntekta du hadde før du tok ut AFP. Godkjend dokumentasjon er lønnsslipp(ar) og/eller lønns- og trekkoppgåve som viser kva for inntekt du hadde i perioden frå 01.01.2016 og fram til du tok ut AFP.
  • Feriepengar utbetalt i 2016 som kjem frå arbeid før du tok ut AFP. Dersom du fekk utbetalt feriepengar i 2016 som var opptent frå arbeid før du tok ut AFP første gong, treng vi dokumentasjon på dette. Godkjend dokumentasjon er lønnsslipp som viser feriepengegrunnlaget for 2015, eller annan dokumentasjon frå arbeidsgiver.
  • Inntekt opptent etter at du fylte 67 år. Hvis du fylde 67 år mellom 01.01.2016 og 01.12.2016, treng vi dokumentasjon på inntekta som er opptent frå månaden etter at du fylde 67 år. Godkjent dokumentasjon er alle lønnsslippar som viser inntekta som er opptent i månadene etter at du fylde 67 år og ut 2016.