AFP for deg mellom 65 og 67 år

Når du fyller 65 år, er det Statens pensjonskasse sine reglar for utrekning av AFP som gjeld. Har du teke ut AFP før fylte 65 år, og folketrygda si utrekning er høgare enn vår, vil du likevel ikkje gå ned i pensjon.

Frå 65 år er det vilkåra for AFP i Statens pensjonskasse som ligg til grunn for vurdering av søknaden din.

Vilkår for AFP frå 65 år

  • Du må vere i arbeid heilt fram til du skal ta ut pensjon. Det speler inga rolle om du arbeider heiltid eller deltid. Du kan ha delvis permisjon eller delvis pensjon, og vere heilt eller delvis sjukmeldt.
    Du har ikkje rett til AFP viss du har heil permisjon, er friteken for arbeidsplikt eller berre har ei formell arbeidsplikt.
  • Du må ha vore medlem av Statens pensjonskasse eller anna offentleg tenestepensjonsordning i minst ti år etter at du fylte 50 år. Viss du ikkje oppfyller dette vilkåret, kan du likevel ha rett til AFP dersom du oppfyller krava til AFP i folketrygda.

Du kan òg ha rett til AFP viss du er tilsett i statleg sektor, men ikkje er medlem i Statens pensjonskasse - anten fordi du har arbeidd under minstegrensa for rett til medlemskap, eller fordi du hadde mindre enn fem år igjen til aldersgrensa då du vart tilsett. Føresetnaden om at du må oppfylle krava til AFP i folketrygda gjeld her òg.

Kor stor vert pensjonen?

Avtalefesta pensjon frå oss utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget dersom du har minst 30 års oppteningstid i full stilling. Er oppteningstida di i Statens pensjonskasse kortare enn 30 år, eller du har arbeidd deltid, vil pensjonen verte tilsvarande redusert.

Storleiken på pensjonen din er avhengig av

  • pensjonsgrunnlaget Pensjons­grunnlag Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bli berekna ut frå. Mer om Pensjons­grunnlag ditt
  • oppteningstida Opptenings­tid Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse blir kalla oppteningstid. Dette vil normalt seie den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid. Mer om Opptenings­tid  di
  • stillingsstorleiken Stillings­storleik Kor mykje heiltid og deltid du har jobba i yrkeskarrieren din, avgjer storleiken på pensjonsgrunnlaget ditt når du går av med pensjon. Mer om Stillings­storleik  din

Viss du forsørgjer born under 18 år, får du òg barnetillegg Barne­tillegg Dersom du som pensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga. Mer om Barne­tillegg

Dersom utrekningsmodellen i folketrygda gjev deg ein høgare pensjon enn pensjon etter våre reglar, utbetaler vi den høgaste av desse. Det vil til dømes kunne gjelde viss du har kortare oppteningstid enn 30 år, eller viss du har arbeidd deltid ein del av medlemstida. Vi sørgjer for at AFP mellom 65 og 67 år vert rekna ut etter den ordninga som gjev deg høgast pensjon.

Tok du ut AFP før fylte 65 år?

Frå du fyller 65 år, er det Statens pensjonskasse som tek over ansvaret for å administrere AFP-pensjonen. AFP vert då rekna ut etter regelverket i Statens pensjonskasse. Du vil som hovudregel ikkje gå ned i pensjon. Vi betaler ut den høgaste av folketrygdutrekna pensjon og pensjon etter våre reglar.

Du treng ikkje å søkje på nytt når du blir 65 år. 

Du må sjølv melde frå om endring i inntekt

Dersom du endrar inntekt mellom 65 og 67 år, må du sjølv gi beskjed til Statens pensjonskasse.