Samordning med tilleggs­pensjon

Vi reduserer tenestepensjonen din med eit samordningsfrådrag på inntil heile tilleggspensjonen frå folketrygda.

Dersom du har hatt inntekt som ikkje har vore pensjonsgivande i Statens pensjonskasse, vil vi ikkje gjere frådrag for dette. Vi bereknar ein tilleggspensjon ut frå pensjonsgrunnlaget ditt hos oss. Denne tilleggspensjonen bruker vi i samordninga dersom det gir deg eit lågare frådrag enn den tilleggspensjonen i folketrygda gjer.

Vi reduserer også samordningsfrådraget dersom du:

  • har mindre enn full opptening
  • tek ut delvis pensjon

Dette betyr at vi reduserer samordningsfrådraget for tilleggspensjonen din samhøvande mot desse to faktorane.